Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Kommunane må rydde opp i eigen språkbruk

 (20.05.2008)

– Ros til kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa for eit nytt bidrag til å styrkje det kulturelle mangfaldet i Noreg! Slik kommenterer leiarane i Noregs Mållag, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nynorsk kultursentrum det nyaste språkpolitiske initiativet frå regjeringa Stoltenberg.

For få dagar sidan la Kleppa fram det årlege stortingsdokumentet om statens politikk overfor kommunane. Nytt av året var eit eige kapittel om det ansvaret kommunane har for språkbruk generelt og nynorsk spesielt. For første gong har ei regjering teke opp språkpolitiske spørsmål i eit stortingsdokument om rammevilkåra for kommunane.

Her peikar regjeringa på kva rettar og plikter kommunane har, og at vi veit lite om den faktiske språkbruken i kommuneadministrasjonane. Regjeringa vurderer å kartleggje språkbruken i alle kommunane.

Kommunane avgjer læremiddelsituasjonen
Leiar Hege Myklebust i Noregs Mållag minner om at det tok mange år før kommunane og fylka tok innover seg at dei som skuleeigarar har ansvaret for læremiddel på rett målform til elevane sine. No samarbeider kunnskaps- og kommunalministrane for å løyse saka.
– Berre det er jo eit stort framsteg, seier Myklebust.

– Å skaffe alle elevane læremiddel i rett målform kostar ikkje kommunane anna enn nokre setningar i anbods- og avtaledokument. Det ventar vi at alle kommunar og fylkeskommunar syter for. Jamvel ein del nynorskkommunar slurvar på dette punktet, seier Hege Myklebust.

Mange kommunar svekkjer mangfaldet
– Mange kommunar driv i praksis ein språkpolitikk som svekkjer det mangfaldet regjeringa no vil styrkje, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Kommunane er til for innbyggjarane sine. Då er det trist å sjå at administrasjonen i fleire kommunar ikkje tek omsyn til at det store fleirtalet av elevar i kommunen har nynorsk som hovudmål.

For to år sidan kartla Nynorsk kultursentrum og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) den faktiske språkbruken i nynorskkommunane. Undersøkinga avdekte at dei mest ressurssterke blant dei tilsette, til dømes legar, ofte får særrettar og gjer som dei vil.

Kartlegg den faktiske språkbruken
– Regjeringa syner med dette at også kommunane er viktige språkbrukarar og at språkpolitikk gjeld oss alle. Det er svært positivt at regjeringa vil kartleggje den faktiske språkbruken i kommunane. Vi trur det vil vere med og gi innbyggjarane betre kommunale tenester, seier dagleg leiar Vidar Høviskeland i LNK.

Det er første gongen den faktiske språkbruken i alle kommunane kan bli kartlagd. Høviskeland vonar det blir lagt særleg vekt på å avdekkje korleis det står til i dei mange språknøytrale kommunane.
– Gong på gong ser vi at den såkalla nøytraliteten blir brukt som sovepute, seier Høviskeland.

Han er likevel glad for at fleire språknøytrale kommunar tek språksaka på alvor, til dømes ved å vere med i LNK. Som eit positivt unntak nemner Høviskeland Bergen. Der slo byrådet i 2005 fast at både nynorsk og bokmål skal kunne brukast av tilsette i den språknøytrale kommunen.


FAKTA: Tenestemål
Kommunar og fylkeskommunar avgjer kva målform staten skal nytte i kontakt med dei. Sidan 1932 har staten ført oversyn over alle slike vedtak. I 2008 er bruken av tenestemål slik i dei 431 kommunane og 19 fylkeskommunane:

> 114 kommunar og 3 fylkeskommunar bruker nynorsk
> 160 kommunar og 2 fylkeskommunar bruker bokmål
> 157 kommunar og 14 fylkeskommunar er språknøytrale

Administrasjonsmål
Kva målform som skal brukast i eigen administrasjon, har mange kommunar aldri gjort noko vedtak om. Det er aldri laga noko offisielt oversyn over slike vedtak, og den faktiske språkbruken i alle kommunane er aldri blitt kartlagd.

Ei undersøking blant nynorskkommunane i regi av Nynorsk kultursentrum og Landssamanslutninga av nynorskkommunar i 2006 viste at halvparten av desse kommunane reknar vedtaket om tenestemål som eit vedtak om administrasjonsmål også.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no