Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kjemperesultat for Lerum

 (21.05.2008)

I fjor satsa Lerum stort på marknadsføring, og resultatet lot ikkje vente på seg. I løpet av eit år har dei greidd å snu eit underskot på 4,5 millionar, til 12 millionar i pluss.

Sidan 2004 har Lerum femdobla marknadsføringsbudsjettet sitt og men vil ikkje ut med kor mykje dei brukar.
– Men me har aldri brukt så mykje pengar på marknadsføring og profilering som i 2007, seier økonomidirektør Bernt Bergheim til Sogn Avis.
– Me har brukt mykje tid og ressursar på produktutvikling og marknadsføring. Då er det utruleg moro å sjå at me har lukkast, seier administrerande direktør Jan Petter Vadheim til avisa.
Det er mellom anna den nye safta som ikkje er tilsett sukker som har slege godt an.
– Det spesielle her er at denne saften ikkje har svekt omsetnaden av den tradisjonelle safta vår. Me har heller teke marknadsdelar frå konkurrentar, seier Bergheim.

Les meir i Sogn Avis.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no