Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tre jubileum i Fjotland i august

 (21.05.2008)

Helga 29.-31. august feirar Kvinesdal Mållag tre historiske hendingar i Fjotland. Alle gode målvener i landet vert innbedne til solid markering med fine konsertar og flott målføre i nydeleg dalføre.

Det er i år 150 år sidan Ivar Aasen reiste på samlarferd i Indre Agder. Den 26. juli 1858 kom han til Lindhommen i Fjotland. Der fekk han nattelosji og ein god prat om fjotlandsmålet hos ”Tosten” (Torstein) i Lindhommen.
I 1908 gjekk fem av skulekrinsane i bygda over til landsmål (nynorsk) som opplæringsmål. Blant desse var Kvinlog skule, som nett stadfesta sitt nynorskstandpunkt i skulerøystinga like før jul.
I 1918, som første kyrkjelyd i Vest-Agder, tok Fjotland i bruk landsmålet som liturgispråk.

Gamle Fjotland kommune er den delen av Kvinesdal som framleis har nynorsk som opplæringsspråk i skulen og nynorsk liturgi i kyrkja. For å markere desse hendingane, planlegg det lokale mållaget eit allsidig jubileum den siste helga i august. På programmet står mellom anna triokonsert med Odd Nordstoga, kulturdag i Lindhommen og jubileumsgudsteneste i Fjotland kyrkje.

Vårt eige mål
Dag Runar Egeland og resten av styret i Kvinesdal Mållag meiner desse hendingane framleis pregar bygda Fjotland og gjer ho til ein sterk nynorskbastion.
– Noko me vonar og ynskjer at dette jubilèet skal vere med å byggje opp om, held Egeland fram, og innbed alle målvener rundt om i landet til å ta seg ein tur til Fjotland i Kvinesdal den helga. Det er altså ikkje eit jubileum for fjotlendingar og kvindølar åleine, men for alle som er glade i målet sitt; for det er dét me feirar: Vårt eige mål.
– Me er frykteleg glade for å ha fått trioen Odd Nordstoga, Daniel Sandén Varg og Thomas Tofte til å halde konsert om fredagen, smiler Dag Runar Egeland nøgd.

Kulturdag i Lindhommen
Tom Arnt Lindeland, som òg sit i styret i Kvinesdal Mållag, fortel at kulturdagen om laurdagen ikkje er mindre attraktiv: Det byrjar med ein vandretur på knappe to timar frå Krågeland til Seland og så til Lindhommen – så og seie i Ivar Aasen sine fotefar. I Lindhommen held me fram på ettermiddagen med song og musikk frå mange gode kulturkrefter, slik som Wenche Hunsbedt Svindland, Sverre Eftestøl, Kenneth Trælandshei, Oddbjørn Stakkeland med fleire.
– Andreas Hompland skal halde kåseri, Ivar Aasen-eksperten Svein Arne Myhren (tidlegare Kvinesdal-buar) skal halde føredrag, og det vert sjølvsagt sal av mat og kaffi, seier Tom Arnt Lindeland.
– Feiringa vår tek slutt med jubileumsgudstenesta i kyrkja om sundagen, ein verdig måte å runde av jubileet på, meiner Lindeland.

Stor tilskiping
– Eit spenstig program, dette her, men de må vel ha eit like spenstig budsjett bak?
Lindeland nikkar samtykkande: Ja, det stemmer, me har eit budsjett på 110.000 kr, men me har søkt ein haug med små og store firma, bankar, mållag og kommune om stønad, så me er absolutt optimistiske; dette skal gå bra.
– Vert det overskot, så skal overskotet gå til kulturtiltak i bygda seinare, forklarer han.
– Og mykje arbeid?
– Sjølvsagt, seier Tom Arnt Lindeland, men me har eit særs godt samarbeid med historielaget som organiserer vandreturen, soknerådet som tek ansvaret for jubileumsgudstenesta og kommunen som prentar billettane.
– Dessutan er dette utruleg moro, visste du at Ivar Aasen tok kontakt og tala med tippoldefaren til Svein Arne Myhren då han var i Fjotland, fortel han engasjert.
– Billettar til den populære Odd Nordstoga-konserten, kvar får me tak i dei?
– Dei kan de få tak i på anten Coop Marked Kvinlog, Statoil i Kvinesdal eller Grodata AS, opplyser Egeland. Og det er rabatt for målfolk!
– Og program med nærare klokkeslett?
– Dei skal liggje ute på dei same butikkane frå juni-juli. Men dei som gjerne skulle ha visst dette før eller har andre ting dei lurer på, kan berre ta kontakt med meg, lovar Egeland.
– Oppdatert informasjon vil liggje ute på www.fjotland.no, supplerer Tom Arnt Lindeland.





















Denne gjengen i styret i Kvinesdal Mållag jobbar for eit flott jubileum i Fjotland siste helga i august, fv foran Astrid S. Thoresen (kasserar), Kåre Narvestad (nestleiar), Are Jerdal (leiar) og Dag Runar Egeland (skrivar). Fv bak står Marit Homme, Tom Arnt Lindeland og Øystein Moi. (Foto: Borghild Løver)


Fakta: Jubileum i Fjotland
Helga 29. til 31. august 2008
Feirar at det 150 år sidan Ivar Aasen kom til Fjotland.
Det er 100 år sidan nynorsk vart innførd i skulane og 90 år sidan det vart kyrkjemål i Fjotland i Kvinesdal.
Vil du vite meir: Sjå innom www.fjotland.no

Borghild Løver
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no