Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jubileet me ikkje vil ha

 (26.05.2008)

I 2010 er det 40 år sidan dei første store elevstreikane for å få læremiddel på nynorsk og bokmål til same tid og pris. Kvart einaste år etter 1970 har stoda vore den same: Læremiddel på nynorsk manglar ved skulestart, trass i at opplæringslova klårt slår fast at praksisen er ulovleg.
- No må det ryddast opp før me rundar fire tiår med ulovlege læremiddel, seier leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust.

Statsråd Bård Vegar Solhjell har engasjert seg i denne problematiske stoda, og det er Mållaget glad for. Diverre kjem ikkje alvoret i situasjonen klårt nok fram i Stortingsmelding nr 23 om om språkstimulering og språkopplæring for barn, unge og vaksne som vart lagt fram i dag.

- Eg tvilar ikkje på at statsråden ynskjer å ordna opp i læremiddelstoda, men meldinga er ikkje tydeleg nok, og manglar tiltak. Departementet lener seg tungt på at Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa skal retta opp i mistilhøvet mellom nynorsk- og bokmålselevar. Senteret driv svært godt arbeid, men utfordringane er for store til at dei kan delegerast til ei handfull tilsette på Nynorsksenteret, seier Hege Myklebust.

Det finst likevel mykje positivt i Stortingsmeldinga om språkopplæring.
- Det er svært positivt at departementet ser mangelen på forsking og kunnskap når det gjeld målbyte. Ein stor del av nynorskelevane byter til bokmål i vaksen alder, men det finst lite forsking på kvifor dette skjer, og kva som kan stimulera til mindre målbyte. Det er me glade for at departementet ser, og ventar at dei no fylgjer opp med midlar til å skaffa fram den forskinga og kunnskapen som trengst.

Mållaget rosar òg departementet for at dei understrekar verdien av språkmangfald og fleirspråkleg kompetanse.
- Me har lenge vore engasjerte i at innvandrarar bør få morsmålsopplæring. Det at folk veks opp i Noreg med kompetanse i fleire språk er ein verdi me ikkje har råd til å skusla vekk. Det er òg viktig å ta vare på dei ulike språka som finst her i landet, og då er fullgod opplæring i samisk grunnleggjande. Dette er det bra at meldinga tek tak i, seier Hege Myklebust.

For meir informasjon, kontakt
leiar Hege Myklebust 928 16 136
eller dagleg leiar Gro Morken Endresen 957 85 560

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no