Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Lakseslottet Lindum

 (27.05.2008)

Det var ein glad Kristin Høyvik ved Lakselottet Lindum som mottok målprisen frå Suldal mållag. (Foto: Judith Sørhus Litlehamar)
Lakseslottet Lindum fekk i helga målprisen frå Suldal mållag.
- Me har lagt merke til at Lindum i dei siste par åra meir og meir har gått over til å bruka nynorsk i lysingar, brosjyrar og anna reklamemateriell. Me er sikre på at dette vil slå positivt ut for Lakseslottet, slik det har gjort for det store turisthotellet Alexandra i Loen og for andre turisthotell på Vestlandet, skriv juryen.

- «Kundane vil ha ekte vare,» sa hotelldirektør Eivind Grov ved Alexandra, og la til: «Då lyt me nytta nynorsk på Vestlandet.» Seinare hevda han at dette hadde synt seg å vera ein god forretningsidé, heiter det i grunngjevinga til prisen.
Suldal mållag legg vekt på at det måtte ei oslodame, Kristin Høyvik, til for å få fram godviljen for nynorsk. Prisen var eit diplom laga av Guro Skeie der Arne Garborg sine ord står: I kjærleik varm og mild me legg vår vilje til, då veks det fram.
I tillegg fekk prisvinnaren Ernst B. Drange sin biografi om diktaren Rasmus Løland, målprisen vart også delt ut på fødselsdagen til Løland.
Suldal mållag håpar også med dette at Lakselottet si nynorsksatsing skal inspirera andre innan turistnæringa i Ryfylke til å bruke nynorsk.

Lakseslottet Lindum

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no