Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Alt ved det gamle

 (30.05.2008)

I dag la Medietilsynet fram rapport om allmennkringkastinga for 2007. Dersom vi skal finna ut korleis det eigentleg står til med nynorskbruken i media, er dette staden vi må gå. Dagleg leiar i Kringkastingsringen, Tarjei Vågstøl, har lese rapporten og meiner at rapporten fyrst og fremst syner at det er ”noko på nynorsk, alltid”, for å omskriva tittelen på NRK-plakaten.

Dette skriv Tarjei Våstøl, dagleg leiar i Kringkastingsringen om Allmennkringkastingsrapporten for 2007:

Dersom vi skal finna ut korleis det eigentleg står til med nynorskbruken i media, er dette staden vi må gå. Det er lett å meina både det eine og det andre om korleis det står til med nynorsken hjå allmennkringkastarane våre, men dette er ei sak der det ikkje er naudsynt å meina så mykje. Somme av dei er pålagde å telja, og resultata kan vi lesa i rapporten.

Avsnitt 1.4.2.4 tel ”norskspråklige sendinger og bruk av målformer” i NRK. Tala for 2007 må vera dei minst overraskande på lenge. Ein prosent meir der, ein prosent mindre der – men som tilsynet konkluderer, er stoda nesten uendra frå 2006. I fjernsynskanalane er det om lag 20 prosent nynorsk, i radiokanalane nett 25 prosent. Sett frå ei side er dette svært gode tal. Ja, gode tal. NRK er framleis unna den ”magiske” grensa på 25 prosent, og ser ikkje ut til å ha fått med seg at dette er ei minimums- og ikkje maksimums. Likevel er dei ein garantist for nynorsk mediespråk. Rapporten stadfester det vi veit, nemleg at på NRK kjem det alltid til å vera noko nynorsk. Ikkje nok, sjølvsagt, men så mykje at vi legg merke til det. Takk vere Nynorsk mediesenter kjem dei ikkje til å gå tom for nynorskjournalistar, heller.

Eg trur mange målfolk er nøgde med ei slik stode. Det er ikkje kjekt å vera ein grinebitar som sit med stoppeklokke for vera sikker på å at nynorskkvota vert oppfyld. Når alt kjem til alt lyttar vi ikkje til NRK-sendingane for å lytta til nynorsk.

Difor er det ekstra kjekt at byråkratane i Medietilsynet tek den jobben for oss. Etter at dei har lagt tala på bordet, konkluderer dei med at det rett og slett er for dårleg at NRK ikkje greier å senda nok nynorsk, særleg i fjernsynet. På same måten som Kringkastingsringen har dei merkt god vilje hjå NRK, men etterlyser resultat: ”Medietilsynet mener det er å forvente at de ulike tiltakene NRK har satt i verk for å øke nynorskbruken, nå kommer til uttrykk i det faktiske programtilbudet til NRK.”

Vi skal vera varsame med å lesa for mykje inn i prosenttala, òg. Det er god grunn til å rekna med at ein monaleg del av nynorskprosenten er dialekt, og den verkeleg heite poteta det siste halvåret har vore nynorskbruken i NRK Super – og den kanalen er ikkje med i tala for 2007.

Likevel. Sjølv om vi er samde med Medietilsynet i at det skal vera minst 25 prosent nynorsk, og sjølv om vi framleis tykkjer dei kunne fått opp nynorskprosenten i barneprogramma, så er det godt å vita at vi kan vera trygge på NRK. Dei har ”noko på nynorsk, alltid”, for å omskriva tittelen på NRK-plakaten.

Les meir om Allmennkringkastarrapporten hjå Medietilsynets nettsider

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no