Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Eg vil leve i ein litteraturfestival for all framtid

 (03.06.2008)

Anna Kleiva har vore på Norsk litteraturfestivalen på Lillehammer. Og har kome med denne rapporten: Eg sette meg ned for å skrive om litteraturfestivalen. Eg kika i notatboka, eg kika på armane mine (solbruna), eg kika på det oransje festivalbandet. ”Skjær mæ laus!” tenkte eg (det seier venninna mi ganske ofte) og gjekk for å klippe av bandet.

Ikkje fordi eg helst vil gløyme helga på Lillehammer – tvert imot må eg klippe meg ut av den berusande kjensla, lande på kontorstolen framfor datamaskina og seie ”no er det slutt”. No er det kvardagen. Kom deg vidare. Ein litteraturfestival på Lillehammer er med andre ord noko ein aller helst vil bli verande i. Lenge.

Og når eg skriv ”bli verande i” er det ikkje ein feil bruk av preposisjon. Det er akkurat dette i som Norsk litteraturfestival er veldig gode på. Festivalstemninga. Sola som svir av skulder-huda medan ein høyrer forfattarar lese, skravle eller mumle frå scena i Søndre Park. Både parken og nesten-nabohuset Banken fungerar som samlingspunkt for festivalgjestane. Vi flyttar inn rundt eit bord, og den einaste grunnen til å ikkje bli verande 24-7 er at vi ikkje har ei seng. Kanskje treng vi heller ikkje sove – eg er riktignok veldig oppteken av litteratur, men kjensla av å ikkje ville gå glipp av noko, av å ville feire festivalen til sola står opp, er like sterkt til stades her som på Roskilde. Eg lovar.
For min del – eg kom fredag morgon – var første post på programmet den kanadiske forfattaren Gaétan Soucy. Mannen som, kvelden før, heldt festivalens hovudforedrag ”Ein dag treng du ikkje lenger å elske barna dine, ei maskin gjer det for deg”. Foredraget gjekk føre seg på fransk, med ein norsk bokversjon til alle lyttarane. I Søndre Park denne morgonen las Øystein Røger på norsk og Soucy sjølv på fransk. Seinare dukka Carl Frode Tiller opp for å bli intervjua av ein svenske – det er med andre ord mange språk å forhalde seg til på litteraturfestival, og det skulle berre mangle.
Oversetjings-konseptet kjem likevel aller mest til sin rett når der er tospråklege forfattar inne i bildet. Under arrangementet ”Nordiske poeter”, i Café Banken same kveld, las bl.a. færøyværingen Carl Jóhan Jensen. Eitt og eitt dikt blei lese opp; først på dansk, så på færøysk. Forskjellen i innleving på dei to opplesingane seier sitt om kor mykje nærare ein kjem når ein får bruke sitt eige språk – ei erkjenning som vel skulle vere kjent for lesarar av denne avisa.
Etter å ha dansa vekk natta med Balkanmusikk i Banken, baud laurdagen på meir sol og fleire ord. I Søndre Park var for eksempel Mircea Cărtărescu, ein av dei viktigaste rumenske forfattarane i dag. Han las, og Øystein Røger las oversett, utdrag frå første bind i den planlagte romantrilogien ”Orbitor”. Kvinner som dansar med slangar; ei kvinne som svelgjer den levande reptilen, for så å la den krype opp igjen og ut av munnen, var herleg sterk kost klokka elleve. To timar seinare var ein entusiastisk Johan Harstad på scena og fortalde om sisteboka ”Hässelby”. I mellomtida sat nederlandske Ian Buruma i Café Banken og snakka om si siste utgjeving, ”Murder in Amsterdam: The Death of Theo van Gogh and the Limits of Tolerance”. Nederlendare er sjølvhøgtidelege, hevda han. Dei trudde ikkje eit slikt mord kunne skje i deira land, og dei rasistiske haldningane som har vakse fram i etterkant av drapet, er eit resultat av såra stoltheit.

Slik kunne eg halde fram. Eg har ikkje skrive om halvparten av det eg har sett, og eg har ikkje sett halvparten av det eg kunne sett, og eg deltok på berre halve festivalen. Det er altså nok å ta av. Noko av det eg sette mest pris på; fine utsegner, gode idéar.

Eksempel på fine utsegner: Frances Presley som las Ezra Pound som sekstenåring og forsto at ”the only exciting thing was to be a poet”. Lars Amund Vaage som les dikt som seier ”folk / som er saman / smertar meg”. Rune Christiansen som fortel korleis han, som åtteåring, opplevde ei kjensle av tristesse (ikkje melankoli), og at denne tristessa vi stadig kan kjenne frå tid til anna, kanskje kjem med erkjenninga av at ting går tapt, den gode dagen tek slutt. Jo, det er absolutt tid til å tenkje etter midt oppe i all hyggja.

Men det er lov til å vere tøysete også, til og med Stig Sæterbakken kan vere tøysete, idet han har foreslått å fylle Lillehammers gater med star troopers under festivalen. Det er her dei gode idéane dukkar opp: tøys på litteraturfestival. Tema var, som kjent, framtida, og når star trooperane stod stille trudde eg nesten at eg var med i Star Wars (som rett nok er laga i fortida). Anna eksempel på gode idéar: forfattarlandslag. Forfattarfotball. Noreg – Sverige : 5 – 2. Det er greitt å vere taparane sine supporterar når ein får sjå Tomas Espedal og Tormod Haugland springe som gale etter ein ball. Når ein får høyre vennar seie ”men han e så ansvarsfull, han Blatten” like før Thomas Marco Blatt sparkar på seg gult kort og nesten startar slåsskamp på bana.

Hurra for Norsk litteraturfestival er konklusjonen. Om nokon skulle lure.

Teksten står også på trykk i Norsk Tidend 3-2008
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no