Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Gje Kystradioen konsesjonen attende

 (10.06.2008)

- Hordaland Mållag har med stor undring og sjokk sett at Kystradioen, etter eit vedtak i Meditilsynet, ikkje får nya opp att sende-konsesjonen sin, og at radioen dermed står i fare for nedlegging.
Hordaland Mållag opplever denne avgjerda som eit overgrep mot Kystradioen , og ei krenking av språkleg og kulturelt mangfald i fylket vårt,skriv leiaren i mållaget, Einar Ådland, i ei pressemelding.

- Kystradioen har i tjuefire år vore, og er framleis, ein høgt respektert institusjon i journalistisk dekning av nyhende, politikk, kulturliv og samfunnsliv i det heile i fleire av kystkommunane i Hordaland og Bergen by.

For mange av oss verkar det utruleg og uverkeleg at denne livskraftige radioen skal kunna fjernast med eit byråkratisk grep. Nynorsk har vore og er mykje brukt i denne journalistikken i Kystradioen.

Det medietiltaket som no får konsesjonen, brukar berre bokmål som redaksjonelt mål. Med denne avgjerda i Tilsynet får nynorsk mediemål difor ein veikare plass i Hordaland enn no. Hordaland Mållag vil be Medietilsynet vurdera denne viktige saka på nytt, heiter det i pressemeldinga.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no