Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Facebook på nynorsk

 (11.06.2008)

- I desse dagar kjem stadig meir av Facebook i nynorsk språkdrakt. Dette er eit viktig framsteg for nynorskbrukande ungdom, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom. Han meiner sigrar som denne knapt kan overvurderast.

- Vi ser at nynorskbrukande ungdomar ofte slit med låg språkleg sjølvtillit, i tillegg til at dei møter språket sitt for lite. Då er det enormt viktig at dei kan få populære ungdomstenester som Facebook på sitt eige språk, meiner Kihl. Dette er med på å syne at nynorsk duger til all slags bruk. NMU-leiaren meiner det er særskild gledeleg at det er ungdomen sjølve som står bak omsetjingsarbeidet:

- Omsetjinga fungerer slik at brukarane sjølve er med på å gjere om engelske uttrykk til nynorsk, og så røystar ein over dei ulike orda. Slik blir Facebook-nynorsken altså «demokratisk vald» ved at brukarane får velje korleis han skal sjå ut, forklarar målungdomsleiaren, som sjølv er på Facebook:

- Eg tykkjer det er flott å sjå korleis stadig nye bitar av «fjesboka» kjem på språket mitt. I dag er truleg opp mot ein million nordmenn Facebook-medlemer. Statistisk sett vil kring 150.000 av desse vere nynorskbrukarar. Eit artig poeng er at nynorsk no blir mellom dei 35 fyrste Facebook-språka i heile verda!, avsluttar Jens Kihl.

Les meir om prosjektet på Facebook.

Pressemelding frå Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no