Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jubel i Sandnes: Får utlevert elevlister

 (12.06.2008)

Sandnes Mållag får utlevert elevlistene for komande fyrsteklassingar av Folkeregisteret. Mållaget har bedd om å få namn på elevane og adressene til ein av foreldrene for å kunne sende informasjon om retten til å byrja i nynorskklasse. Dette har Folkereisteret sagt ja til. Denne avgjerda kan også verte viktig for andre lokallag som ynskjer å gjere det same.

I løpet av våren har både kommuneadvokaten og politikarane sagt nei to gonger til akkurat same spørsmål. Men det er altså klart at Folkeregisteret seier ja til at Sandnes Mållag kan få desse listene frå dei.

Folkeregisteret seier ja til å levera ut opplysningar på cd som inneheld namnet på elevane som skal innmeldast i skulen, pluss namn på ein av foreldra og adresser. Opplysningane vil bli utlevert via skattekontoret. Egil Astad i Sandnes Mållag er glad for at også Folkeregisteret ser at utlevering av listene ligg innanfor mållaget sine ideelle formål. Tidlegare har blant anna Fylkesmannen i Rogaland ved Utdanningsavdelinga tilråda at Sandnes Mållag får utlevert desse opplysningane, skriv Stavanger Aftenblad.

- Dette er etter mitt syn ein dokumentasjon på at vedtaket til kommunen er feil. Vår søknad blei vurdert ut frå kva kommunen fant ønskeleg for sin eigen del, og ikkje kva Mållaget ønskte, slik som loven set vilkår om. Kommunen enda slik opp med å forsøka å avskjera ein lovleg rett som Mållaget har, seier Egil Astad til Stavanger Aftenblad.

Ynskjer du meir informasjon om saka? Kontakt leiar i Sandnes Mållag, Egil Alstad eller skulemålskrivar i Noregs Mållag Ingar Arnøy.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no