Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norm

 (18.06.2008)

På landsmøtet i Noregs Mållag held Trond Trosterud innleiing io framkant av normeringsordskiftet. Innleiinga fekk mykje skryt og er no omarbeidd for Norsk Tidend og nettsidene.

Nokon og kvar av oss har vel gjerne tenkt at alt hadde vore greitt i normstriden, om berre eg fekk seie korleis det skulle vere. Sjølv har eg vore i den situasjonen i eitt og eit halvt år no, og eg kan fortelje at det slett ikkje blir noko lettare av det.

Det heile heng slik saman:
For eitt og eit halvt år sidan fekk eg ein invitasjon som alle språkforskarar må bli svært smigra over. Eg fekk invitasjon til å sitja i komité i lag med Joshua Fishman, og å vere utanforståande ekspert i ein fastlåst målstrid; striden om kornisk. Kornisk er eit keltisk språk som døydde ut for to hundre år sidan, dei næraste slektningane er bretonsk og walisisk. Kornisk vart snakka i Cornwall. Den siste talaren vi veit om, Dolly Pentreath, døydde i 1777, men sannsynlegvis var det nok talarar også utpå 1800-talet. Vi kjenner kornisk frå tekster, under 500 sider, mesteparten frå 14- og 1500-talet. Språket endra seg ein god del på 1500-talet.

I 1707 publiserte Edward Lhuyd "Archaeologia Britannica, der han gav ei skildring av 1700-talskornisk, eller seinkornisk. Dette er den einaste lingvistiske skildringa vi har av kornisk. Moderne, revitalisert kornisk tok til godt hundre år etter at språket forsvann, med Henry Jenner. Jenner publiserte i 1904 den særs viktige boka A Handbook of the Cornish Language chiefly in its latest stages with some account of its history and literature. Her formulerer han programmet for den korniske målreisinga:
Why should the Cornishmen learn Cornish? There is no money in it, it has no practical reasons, and the literature is small and of no great value. The question is fair, and the answer is simple: Because they are Cornishmen.
Etter Jenner kom Robert Nance, som publiserte Cornish for all i 1929. Dette var ein ny versjon av kornisk, Unified Cornish, eller sameint kornisk, med større vekt på mellomkornisk, eller 1400-talskornisk.

Dei to språkformene er forståelege seg i mellom, men det er også skilnader:
– seinkornisk har eit enklare kvantitetssystem (som norsk) der mellomkornisk har lengde uavhengig av trykk, og lange og korte konsonantar}
– mellomkornisk har ei rikare verbbøying, der seinkornisk har meir hjelpeverb
Nance gav ut ei ordbok, der han markerte vokallengd med makron, dette merket vart som regel ikkje brukt i tekstar. Den korniske målrørsla samla seg om oppføring av dei korniske mellomalderspela.

På åttitalet var det aukande misnøye med stoda, med kritikk frå to kantar: På den eine sida var det dei som meinte at Nance sin normal var vanskeleg, og ikkje konsekvent, men for avhengig av tekstane: det var ikkje mogleg å vite korleis ord skulle uttalast på bakgrunn av skriftbiletet. På den andre sida var det kritikarar som peikte på at Nance hadde lagt til side Lhuyd, den einaste kjelda vi har til korleis kornisk faktisk vart uttala, og konsentrert seg om mellomkornisk. Resultatet vart to nye skriftnormalar for kornisk, i tillegg til sameint kornisk.

Den første, Kernewek Kemmyn, eller berre kemmyn er ei ortografisk nytolking av mellomkornisk. Ho bruker t.d. k og kk der tradisjonell kornisk skreiv c, k og ck etter reglane vi kjenner frå engelsk og mellomnorsk. Vokallengd vart markert med dobbelskriving av konsonant. Sjibbolethforma for alle kritikarane av kemmyn var stadnamnet Cambourne, som etter den nye norma vart Kammbronn.

Den andre normalen, revidert seinkornisk, bruker for så vidt tradisjonelle bokstavar, men er ikkje så oppteken av tekstane som det sameint kornisk var, for seinkornisk er kjelda Edward Lhuyd, som jo var ei lingvistisk skildring av kornisk heller enn ein skriftleg tekst.

Den viktigaste korniske organisasjonen, Kowethas, gjekk over frå sameint kornisk til kemmyn i 1987. Folk var glad for endeleg å få ein standard der dei visste korleis orda vart skrive, og der det var rett tilhøve til uttalen.
Tilhengjarane av dei andre to ortografiane var usamd. Revidert seinkornisk-folka ville ha ‘‘språket til dei korniske bøndene og fiskarane, slik det vart snakka i pubane‘‘, dei ville ‘‘carry on where the last speaker left‘‘. Sameint kornisk-folka ville ha det originale korniske, slik vi kjenner det frå tekstane. Former som ”Kammbronn” var forferdeleg, meinte dei, og ikkje autentisk. Og det siste hadde dei jo rett i.

Kemmyn vann striden om Kowethas, men ikkje målstriden. Då kemmyn-folka prøvde å få offentleg aksept for kornisk, i Cornwall, London og etter kvart Brussel, kom det alltid protestar frå autentisistane, som sa at kemmyn var ‘‘a conlang‘‘. Det offisielle Cornwall sa at ja, vi kan jo støtte kornisk, men berre viss de sluttar å krangle om ortografien. Mange venlegsinna sa at jo, eg skal nok lære meg kornisk, men berre viss målstriden er over. Kornisk har med andre ord mange falske vener.
Og her kom altså eg og fem sosiolingvistar inn for å løyse eit problem kornarane ikkje klarte å løyse sjølv. Vi fekk skriftlege fråsegner frå heile den korniske målrørsla (ein 20-30 cm tjukk bunke, hundrevis av fråsegner), vi fekk masse polemisk litteratur, og vi gav i oktober eit råd.

Rådet vårt var: Slå dykk saman, slutt å krangle. Lag eit felles skriftspråk. Lag ei arbeidsgruppe med folk frå dei ulike ortografiane, og la dei diskutere. Viss dei ikkje blir samd, skal ein av medlemmane i kommisjonen avgjere.
I og med at eg var den einaste allmennlingvisten i kommisjonen, peikte alle dei andre på meg, og kornarane meinte dette var ein god idé. Vart dei ikkje samde, var det eg som skulle bestemme. Eg skulle ha det siste ordet. Så eg har sove skikkeleg dårleg det siste året.

Ideologisk hadde begge opponentane gode poeng: Seinkorniskfolka sa: ”Ta over der kornarane slapp, uttal slik vi veit dei gjorde”. Sameint-folka sa: ”Skriv den kornisken vi veit dei skreiv, ver autentisk”:
Men kemmyn-folka hadde også gode poeng, når dei sa: ”Vi har dei fleste talarane, det beste materialet, lærarane, og kemmyn fungerer som kornisknormal” (flest talarar er ikkje så veldig mange, det korniske språksamfunnet er vel på storleik med det for sørsamisk, sjølv om kornisk har langt fleire engasjerte ikkje-talarar).

Korfor fortel eg så alt dette?
For å fortelje at denne ortografiske striden har lamma alt målarbeid for kornisk dei siste to tiåra. I staden for å få kornisk inn i skolen, i staden for å få korniske retteprogram, og så bortetter, kranglar dei om korleis dei skal skrive det. Viss de trur at målstriden i Noreg er hard, så tru om att. I mine 29 år i målrørsla har eg aldri vore borti så harde tak, og slik ei utskjelling, så harde frontar og fraksjonar, som dei i den korniske målstriden.
Den største målstriden i Cornwall er striden om k, og om hw: Skal vi ha k over heile lina, eller det engelske c/k/ck/qw-systemet? Striden stod beinhard i desember, folk skjelte kvarandre ut, truga med å bryte forhandlingane, dei gret, alt de kan tenkje dykk.

Det var då eg gjorde det. Eg kasta ein kjøtbit til dei for at dei skulle halde opp og slåst, og eg står her i dag som ein angrande syndar. Eg gav dei sideformer. k og hw som hovudform, og c/k/ck/qw/wh som sideform. Og no kranglar dei om sideformene. Striden står om dei skal ha det ‘‘norske‘‘ systemet, eller om skolen skal vere forplikta til å introdusere sideformene, og i tilfelle når. Og om sideformer skal heite sideformer eller ikkje.
Det å ha det siste ordet i denne striden har gått inn på meg, eg har som sagt sove dårleg. Men eg har også lært mykje av dette, eg ser også på den norske målstriden med nye augo. For det første ser eg kor øydeleggjande ein normstrid kan vere. Men det visste jo mange norske målfolk frå før, særleg alle som har opplevd den norske målstriden på 50-talet. For det andre fekk eg prøvd ut eit sett av prinsipp for språknormering.

Dei prinsippa eg la til grunn for kornisk var desse:
1. Konsensus
2. Konsistens
3. Konservatisme
Dei ulike fraksjonane skulle helst vere samde. Var dei samde, var det greitt, med mindre dei var samde om dårlege løysingar. I tilfelle sa eg nei. Ei slik dårleg løysing var eit kompromiss med k foran nokre av dei bakre vokalane, men ikkje foran alle (innhaldet i kompromisset var ”mest mogleg av min bokstav inn i norma”). Det fekk eg stoppa. Eit anna slikt framlegg var at dei seinkorniske ville ha bokstaven z overalt der dei andre ville ha s. Det fekk dei ikkje gjennomslag for hos dei andre. Dei kom då med ei liste på 20 ord der dei i alle fall ville ha z. Det fekk eg også stoppa. I staden har dei no ei norm der bokstaven s for seinkorniske talarar alltid (bortsett frå i visse konsonantgrupper der ingen ville finne på å uttale stemt s i alle fall) blir uttalt stemt.

Det skulle vere indre konsistens i løysinga. Helst klåre reglar, helst ikkje lister med tilfeldige ord som måtte puggast. Den nye normalen skulle skilje seg så lite som mogleg frå eksisterande normalar. Alle, og særleg kemmyn-brukarane (majoriteten, og dei mest flytande brukarane) skulle kunne gå over til den nye forma på ein følgjerett måte.
Utfallet av striden er no klårt, den nye Standard Written Form ligg ute på http://www.magakernow.org.uk/.

Så, endeleg, til nynorsk. (Det får vere grenser for kor mykje dette skal handle om kornisk; men eg kjem attende til lærdommane mine frå attåtnæringa mi som normativ overdommar)

Først vil eg rydde av vegen ei misforståing: Normdiskusjonen for nynorsk har ikkje noko med rettskriving å gjere. Når det gjeld spørsmål som sola vs. soli er det ingen som er usamd om rettskrivinga: sola blir skrive s-o-l-a og soli blir skrive s-o-l-i.

Rettskriving, det er om vi skal skrive dum med ein eller to m-ar, og med u eller o, og opp med u eller o. Vi skriv dum med ein m og u, opp med o, og upp med u. Den norske rettskrivingsstriden var relativt avslappa, og han vart avslutta då vi bestemte oss for å skrive Høire med y i staden for i. Sidan det har vi vore samde om det meste innafor norsk rettskriving. Vi skriv, som kjent, høyre med y og høgre med g.

Når det gjeld rettskriving har vi altså, til skilnad frå kornarane, ikkje så mykje å krangle om. Det er ein god ting. Det vi dermed strir med, og har stridd med sidan midlandsnormalen, er å bestemme oss for kva ordformer vi skal bruke. Vi har nemleg mange å velje mellom.

Det å velje mellom – og å få andre til å velje mellom – desse ulike formene er noko som har engasjert målfolk mykje dei siste hundre åra. Korfor er målfolk så opptekne av val mellom bøyingsformer, mens kornarane lever fint med stor formrikdom, men kranglar om c og k?

Ein grunn er trua på at framgang til nynorsken er avhengig av at vi treff det rette valet, om vi no hadde visst kva det er som er det rette valet. For det veit vi jo ikkje.

La oss ta eit døme: Er det slik at nynorsken får framgang viss han har dialektnære former, eller viss nynorskbrukarane i ein landsdel, til dømes, får ein nynorsknormal med sine bøyingsformer?

Nei, som vi alle veit er det ikkje slik: Det var 1917-nynorsken som kom inn i Trøndelag og Nord-Noreg, og det var 1938-nynorsken som vart kasta ut att. Av det dreg eg to konklusjonar:
1. Det er feil å tru at dialektnær nynorsk er ein føresetnad for framgang
2. Eg trur samstundes det er like feil å tru at ein tradisjonell nynorsk i dag vil få nynorsken inn att i Trøndelag og Nord-Noreg.

Det som fekk nynorsken inn nord for Dovre var mellom anna trua på at nynorsken var framtida. Så seint som på 50-talet gjekk eit av lokallaga i Troms ut i frå at nynorsk, framtidsmålet, snart ville ta over for bokmål.
Argumenta for nynorsken var ikkje språklege, eller, dei var kanskje språklege, men under dei språklege argumenta låg det andre og viktigare argument (eg går her ut i frå at desse allmenne argumenta for nynorsk er vel kjende, og går ikkje nærare inn på dei her).

Sjølv om det altså kan vere forlokkande å tru at vi med ein normstrid kan få framgang for nynorsken, ser det for meg heller ut til at vi med ein normstrid vil få strid om norma.

Dei tre prinsippa eg hadde med meg til Cornwall gjeld etter mitt syn her og:
Konsensus: Vi tar dei formene vi kan bli samde om.
Dei som hugsar 50-talet veit at samstundes med at nynorsken vart kasta ut av nett Nord-Noreg og Trøndelag, la målfolket meir eller mindre ned den utoverretta målstriden, og diskuterte i eller a. Heller semje enn usemje om norm, med andre ord.
Konsistens: Det skal vere indre samanheng der det er mogleg. Men det er ikkje alltid mogleg. Det finst nemleg eit tredje prinsipp.
Konservatisme: Vi skal helst ikkje endre på noko.
Folk skal få skrive slik dei har skrive før, med mindre det er svært gode grunnar til at folk skal skriva på ein annan måte. Mange meiner at nynorsken er lett å lære når han er dialektnær.

Arvid Langeland og Ola Breivega, i framlegget deira til landsmøtet i Noregs Mållag, argumenterer også for det synet. A-infinitiv skal vere like greitt som e-infinitiv for dei som har apokope – underforstått: det er ikkje heilt greitt for dei med e-infinitiv i talemålet.

Men dette føreset at vi går frå tale til skrift når vi skriv. Vi gjer det nok for syntaks og ordval, men for bokstavval er det slett ikkje like sikkert. Her trur eg at det å ha eit skriftbilete å kjenne att er like viktig eller viktigare.
Problemet er altså ikkje at vi risikerer å få ein nynorsk langt frå det vi snakkar. Problemet er å få ein nynorsk langt frå det vi les. Vi les at det skal vere k i skjerf og kjole, ein r i Lars og to r-ar i ei setning som i Tromsø blir uttalt ”vi møte to jente”. Vi les at det skal vere ein l i til, vil, skal.

Kva slags nynorsk er det så vi nynorskbrukarar les? Eg har sett på nokre av dei morfologiske kategoriane vi diskuterer. I mangel av eit godt nynorsk korpus har eg gått på nettet. Der finn eg, for nynorsk, i gjennomsnitt:
• 15 e-infinitivar for kvar a-infinitiv
• 80 a-målsformer for kvar i-målsform for hokjønn
• 170 a-målsformer for kvar i-målsform for inkjekjønn
• 3600 ene-former for kvar one-form for hokjønn

No er nynorsk eit dårleg utforska språk, og det er fullt mogleg å få til betre og meir detaljerte undersøkingar enn det eg har gjort her. Men eg vil gå så langt som til å seie at det for ein språknormerar er uansvarleg å normere eit språk før han eller ho faktisk veit korleis dette språket faktisk blir brukt. Det er uansvarleg fordi det ignorerer språkbruken til dei som faktisk bruker språket. Det er ikkje automatisk slik at fleirtalsforma alltid skal veljast. Men det er viktig å vite kva som er fleirtalsform, og i kor stor grad ho er det.

Eg vil også minne om at denne diskusjonen er relevant berre dersom vi skal ha ei trong norm. Med ei vid norm er det ikkje noko å diskutere. Då vel alle det dei vil ha. Diskusjonen kjem viss vi blir samde om å ha ei smal norm. Lakmustesten for alle som hevdar dei vil ha ei trong norm er dermed om dei vil ha ei trong norm også når det inneber at deira former må ut, eller om dei då plutseleg blir for valfridom. Det er i slike samanhengar vi får overraskande alliansar mellom tradisjonalistar og dialektforkjemparar.
Dei som vil ha dialektnær nynorsk er for ei vid norm. Tradisjonalistane er gjerne, som Aasen, mot variasjon i det heile. Dei vil ha reduksjon i valfridomen, og ein stødig normal, "formen skal være een". Problemet er berre at dei, for å få lov til å skrive dette stødige språket sitt, er nøydd til å gå inn for ein nynorsk med såpass mykje valfridom at det blir plass til deira tradisjonelle former også.

Eit godt døme er framlegget frå Langeland og Breivega. Der dei ligg under 15-1 vil dei ha eineform. Det skal vere a-infinitiv som eineform. Der dei ligg under 100-1 og til og med 3000-1 er det verre. Då får vi i staden valfridom. Då står dei plutseleg i lag med forkjemparane for dialektnær variasjon, og vil ha ei brei norm.

Legg forresten merke til at dette, for første gong, er ein diskusjon som får konsekvensar ut over skolen. Mor mi kunne halde fram med å skrive den nynorsken ho hadde lært på skolen, trass i dei vedtaka som kom seinare. I dag vil det finske firmaet Lingsoft lage ein ny versjon av retteprogrammet for Microsoft Word. Det retteprogrammet følgjer Språkrådet si norm. Viss språkrådet går inn for a-infinitiv som eineform vil 94 % av dei nynorske infinitivane vi i dag skriv få raud strek under seg. Spørsmålet er så om Språkrådet har reell makt til dette, om dei vil møte forståing for eit slikt retteprogram.

Som språkteknolog skulle eg forresten gjerne hatt berre ein infinitiv, og e, som skil seg frå fortidsforma, hadde vore lettare. Med a-infinitiv blir infinitiv, preteritum og partisipp lik, og det er ikkje lett for datamaskina å gje rett grammatisk analyse. Men verst er det sjølvsagt når vi kan ha både a og e, slik at både hoppe og hoppa kan vere både substantiv og verb, i bortimot alle bøyingsformer Då er det betre med i-mål og or og one. Eintydige, greie former. Men nynorsknormalen blir ikkje laga for mine datamaskiner.

Ei heilt anna sak har vi for leksikalsk variasjon. Setningar som desse (hos Langeland) er problematiske:
Om lag 50 hankjønsord har uregelrett fleirtal på -er og -ene. (...) Omlag 30 hokjønsord har obligatorisk uregelrett fleirtal på -ar og -ane.
Det er tre måtar å lære seg desse 80 orda på:
1. Vi kan ha dei i målføret vårt. Eg har dei ikkje.
2. Vi kan lese dei i tekst, og lære dei via det. Men særleg -ar-hokjønnsorda er i mindretal i nynorsk tekst, eg finn t.d. tre gonger så mange regelrette -er-former (reimene, elvene) som -ar-former for desse hokjønnsorda.
3. Vi kan pugge dei utanat, som tyske dativverb

Eg er akkurat like mykje for ei fast norm som det Arvid Langeland er (og eg er til og med budd på å gje opp former eg sjølv bruker for å få til ei innstramming). Men her møter eg veggen. Det einaste realistiske alternativet eg ser for slike ord er å pugge dei. Det trur eg ikkje er ein farande veg.
Når desse unntakslistene i det heile eksisterer er det fordi dei eksisterte i målføra på Aasen si tid (og i dag og). Men Aasen tok ikkje vare på meir enn det han måtte. Der den norrøne klasseinndelinga var borte var ho borte. Unntaksklassane vi ser i substantivbøyinga er eit resultat av stammeklasse i norrønt. Forsvinn desse klassane, så forsvinn dei. Mens vi ventar på det kan vi operere med regelrett bøying som valfri (sidestilt) form.

Eit anna område er valet mellom to grunnformer, som lang eller kort vokal, høg eller låg vokal, i einskildord. Men variasjonen her er av eit litt anna slag: I mange tilfelle vil folk oppfatte dei ulike formene som ulike ord, dei vil hevde at fatig blir skrive med ein t og fattig med to. Nokre ord bør leve i to utgåver, for andre bør vi velje ei form. Også her vil eg gjerne sjå på faktisk språkbruk.
Eit moment som blir drege fram i normeringsdebatten er at nynorsk må bli eit normalt språk, som tysk eller fransk, med fast norm både i skrift og tale. Men nynorsk er ikkje eit slikt språk. Mellom anna har ikkje vi ikkje det heilnynorske språksamfunnet, vi deler domenet vårt med bokmål, og vi har verken makt eller (for dei fleste i målflokken) vilje til å normere talespråket vårt. Nynorsk er meir eit språk som rhetoromansk, baskisk og frisisk: Eit språk utan geografisk sentrum, utan makt til å tvinge ei arbitrær norm på alle.

Eg sa tidlegare at konservatisme var eit viktig prinsipp. Men tradisjon for nynorsk er at det er variasjon. Mine første steg fram mot den faste og eintydige nynorsken vil dermed vere langt meir forsiktige enn Arvid Langeland sine steg. Eg vil ta utgangspunkt i den nynorsken vi har, og normere den. Der er eg samd med Noregs Mållag sitt vedtak frå 2002.
Så til spørsmålet om sideformer.

Som de hugsar gav eg kornarane sideformer. Eg er ikkje sikker på om det var så lurt. Hos oss er det mange som ikkje liker sideformer, dei blir sett på som symbolet på den variasjonen vi vil bort i frå.

Men det er to måtar å bli kvitt sideformer på: Vi kan fjerne dei, eller vi kan gjere dei til jamstilte former. Å fjerne dei er jo greitt, det er berre å ta vekk dei sideformene eg ikkje bruker, og å gjere dei eg bruker til hovudformer. Men det er ikkje så greitt, sjølvsagt. Nynorsken er ikkje berre min, og de andre har og dykkar eigne sideformer som de gjerne vil ha med. Gjer vi dei alle til hovudformer er vi like langt, med like mykje variasjon.

Eller rettare, vi er ikkje like langt som før på vegen mot ei fast norm, i og med at vi mistar skolen og det offentlege si rolle som normberar. Med å gjere alle former til (likestilte) hovudformer har vi dermed meir variasjon enn før. Viss målet er ein fastare nynorsk, bør vi dermed la sideformsystemet vere einvegskjørt: Sideformer skal kunne fjernast, men ikkje gjerast til hovudformer.

Til dei som vil ha mindre variasjon i nynorsk vil eg seie: Problemet er ikkje sideformene. Sideformene er tryggingsventilen som gjer at folk sjølv kan skrive det som er viktige for dei. Problemet er dei alternerande hovudformene: Dei nynorsktekstane vi møter frå stat og skole er hovudformer. Stabil norm inneber å endre hovudformer til sideformer, og ikkje omvendt. Det å konvertere sideformer til jamstilte hovudformer er å gå i feil retning.

Hugs også at tekstproduksjon ikkje er det det ein gong var: Dels er det kollektivt: ein NOU har mange forfattarar. Dels er det maskinelt: Dei fleste statlege nettsider vil i ei ikkje alt for fjern framtid vere maskinomsett frå ein bokmålsoriginal til nynorsk, nordsamisk og engelsk. Begge desse tinga talar for mindre variasjon i læreboknormalen.

Eg brukte tid på å fortelje om kornisk. Kva lærte vi av det? Rettskrivingsstrid tar merksemda vår bort frå den eigentlege målstriden. Rettskrivingsstrid blir utnytta av motstandarane våre. Det kan vere freistande å vere allmektig, og bestemme at nynorsken, eller kornisken, skal vere slik og slik, skal ha dei og dei eineformene.

Men erfaringa mi som allmektig viser noko anna: Til ein viss grad er folk glad for å bli bestemt over. I eitt av dei kritiske tilfella diskuterte eg ulike løysingar med ein av fraksjonane, og viste at deira framlegg ikkje ville gje ein konsekvent normal, og at eg dermed sa nei. "Ok" svarte dei, "om du seier det så gjer vi det." Dei såg poenget mitt, men offentleg måtte dei gå i mot det, noko anna ville ha vore politisk sjølvmord. Men best gjekk det når eg bestemte ting slik som dei ville ha det, eller når det var hipp som happ. Viss eg bestemte noko dei slett ikkje vil ha, var det ikkje like greitt lenger. Eg var, som Språkrådet er det, avhengig av å bruke autoriteten som rolla mi gav meg, men berre innafor rammene av det som språksamfunnet ville akseptere.

Nynorsken har, som kornisken, sterke individualistar. Noregs Mållag er ein stor organisasjon, men vi er ikkje eit tverrsnitt av folket. Å vri målstriden frå utoverretta målarbeid og over til å hindre desse individualistane å skrive slik dei vil ser eg på som dårleg prioritering. Eg vil heller la marginale (marginale i bruk, ingen språk er marginale i seg sjølv), men dialektnære austlandsformer og tradisjonelle aasenformer leve som sideformer. Bruk dei, de som vil. Eit stabilt nynorsk skriftbilete, via skole og offentleg informasjon, kan vi så få via hovudformene. Dei bør det vere få av, og dei bør ta utgangspunkt i dei formene som er dominerande i dagens nynorsk. Viss vi skal fjerne sideformer frå dagens nynorsk, bør vi fjerne dei heilt, og ikkje gjere hovudformer av dei. Det er nok variasjon i hovudforms-nynorsken som det er.

I den grad denne møtelyden blir høyrt på av Språkrådet, og av departementet, så har vi makt. Ikkje all makt, rett nok, men ein del.
Med dette ansvaret i tankane oppfordrar eg no møtelyden til å diskutere desse spørsmåla.

Trond Trosterud, 26. apil 2008
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no