Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dårlegare karakterar med felles eksamen

 (23.06.2008)

Forsøket med å ha ein eksamensdag i hovudmål og sidemål har slått dårleg ut for elevane. I fylgje NTB melder fleire skular om overraskande låge resultat.

- Resultata var overraskande og markant dårlegare. Elevane er frustrerte, seier rektor Johnny Tindvik ved Marikollen skole i Bergen til Bergens Tidende.
- Det var sinnsjukt rare resultat. Eg skjønar ingenting, seier rektor Ida Nordstrand på Majorstua skole til NTB.

Advarslane har vore sterke i skulen, og lærarar og elevar har stått saman i mot den nye ordninga. Noregs Mållag gjekk allereie i januar ut og advarte mot kva konsekvensane av ein felles eksamens dag kunne bli.

- Me er veldig klår over at dette var ein ny eksamensordning. Både statsråden og direktoratet har vore klåre på at ein skal fylgje opp resultata, seier avdelingsdirektør Siv Hilde Lindstrøm i Utdanningsdirektoratet til NTB. Direktoratet skal gjennomføre ei spørjeundersøking om forsøket med ein felles eksamensdag.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no