Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Regjeringa presenterer språkmeldinga i Aasen-tunet

 (23.06.2008)

Foto: regjeringa.no
Fredag legg regjeringa Stoltenberg fram den stortingsmeldinga om språkpolitikk som mange ventar spent på. Straks statsråd er ferdig, presenterer statssekretær Wegard Harsvik innhaldet på eit ope møte under Dei Nynorske Festspela i Ivar Aasen-tunet.

Stortingsmeldinga er blitt eit svært omfattande dokument som Harsvik gler seg til å leggje fram. - Språk er det mest grunnleggjande ved det å vere menneske, seier Harsvik, og dette er den viktigaste meldinga på kulturområdet i denne perioden.

- Det er ei stor ære at meldinga blir lagd fram hos oss midt under Dei Nynorske Festspela, seier direktør Ottar Grepstad. Festspeldagane er dei fleste nøkkelpersonane i nynorskmiljøet samla på Sunnmøre, saman med blant anna direktøren i Språkrådet og representantar for mange institusjonar som arbeider med språk og litteratur.

- Denne regjeringa løfta løyvinga til oss både i 2007 og 2008. Det kjem blant anna festspelpublikummet til gode. Det skal vere ei sann glede å vise statssekretæren litt av det dei midlane blir brukte til, seier Ottar Grepstad.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no