Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Super språkmelding for nynorsken

 (27.06.2008)

Statsråd Trond Giske og regjeringa har lagt fram ei solid språkmelding. Språkmeldinga har konkrete og offensive tiltak for nynorsken.
– Ekstra gledeleg er det at Trond Giske gjev full støtte til kravet om at riksavisene bør sleppe til nynorsk på redaksjonell plass, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag hadde ein eigen kampanje for nokre år sidan med oppfordring om å sleppe til nynorsk i Dagbladet og VG. Kravet fekk den gongen heile 36 000 underskrifter.

Hege Myklebust meiner det er fleire tiltak som vil verte viktige for nynorsken.
– Meldinga slår fast at minoritetsspråklege må få rett til å lære nynorsk. Det er heilt i tråd med det Mållaget har teke opp – fritaksordninga blir i dag praktisert på ein slik måte at mange med innvandrarbakgrunn ikkje får høve til å lære nynorsk, sjølv om dei meistrar bokmål godt. Ei anna viktig sak er at generelle kulturtiltak som til dømes den kulturelle skulesekken skal få ein særskilt nynorskprofil. På denne måten vil barn og unge få møte nynorsk òg andre stader enn på skulen.

Regjeringa legg opp til at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast eksplisitt når spørsmål som vedkjem norsk språk blir tematisert. Språkmeldinga gjer det klart at regjeringa ønskjer ei allmenn språklov, og at språkpolitikken skal vere sektorovergripande. Det skal også kome ei språkpolitisk melding til Stortinget kvart fjerde år, og Språkrådet skal utarbeide ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport. – Dette trur eg kan bli viktig. ”Det som blir målt, blir gjort”, sa Wegard Harsvik då han presenterte meldinga i Aasentunet. Me trur ei årviss påminning og oppsummering kan bidra til å få gjennomført tiltaka.

– Innhaldet i meldinga er så godt at den største utfordringa vår no blir å få regjeringa til å gjennomføre tiltaka raskt, seier Hege Myklebust.


Bilete til nedlasting


For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no