Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil lovfeste norsk språk

 (27.06.2008)

- To skriftspråk er er ein styrke. Det gjev oss ein større språkkompentanse og gjer oss språkleg kreative. Utfordringa er å gjere Noreg til eit reelt tospråkleg samfunn, sa statsråd Trond Giske då han la fram stortingsmeldinga om språk på Litteraturhuset i Oslo.

Giske understreka at denne meldinga representerer noko nytt i norsk språkpolitikk. For fyrste gong har ein forsøkt å meisle ut ei retning for alt som har med språk å gjere. Målet har vore å gjere samfunnet meir medvite på språk og understreke kor viktig det er.
- Med språkmeldinga legg regjeringa grunnlaget for ein ny og meir offensiv språkpolitikk. Det overordna målet er å sikra det norske språkets status og bruk på alle samfunnsområde, slik at norsk kan bestå som eit fullverdig, samfunnsberande språk, sa kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
- Me ynskjer å arbeide fram mot ei generell språklov. Slik det er no, er språk spreidd utover mange ulike ansvarsområde. Me ynskjer å samle det til ei lov. I tillegg vil me gjerne grunnlovsfeste at norsk skal vere hovudmålet i Noreg, men dette er ein lengre prosess, sa Giske.
- Dessutan vil me ha meir overvaking. Me vil at ha ein årleg rapport om korleis det står til med det norske språket, eit slags språkbarometer.

Nynorsk
Språkmeldinga legg opp til ein strammare normering i nynorsk.
- Norsk språkpolitikk har prega av hyppige reformar og rettskrivingsnormer. Me ynskjer oss ein større stabilitet, og at når ein no skal gå i gjennom rettskrivinga, tenkjer at den skal halde ei stund. Men sjølv om mange er samde i at ein treng ein slik gjennomgang, så er det vel ikkje like sikkert at alle er samd korleis ei slik normering skal sjå ut. Men den utfordringa får me ta, sa Giske.
Mange var spente på om stortingsmeldinga ville innhald pressmiddel for at avisene skulle bruke meir nynorsk, eller nynorsk i det heile. Men Giske ville ikkje bruke politisk makt, som til dømes å fjerne momsfritaket. Han likevel at redaktørane burde vera medviten sitt samfunnsansvar.
- Folk bør få skrive på det språket som dei sjølv vil. Ein skriv best på det språket ein har vakse opp med, sa Giske.

Domenetap
- På fleire område opplever norsk domenetap. Både innan forskning og næringsliv er utviklinga kome så langt at det er område der norsk ikkje kan nyttast i det heile, sa Giske.
- Det er ikkje slik at ein aldri skal bruke engelsk. Bruk norsk når du kan, og engelsk når du må, seier eg. Vidare er det ikkje heilt sikkert at me er så gode i englesk som me likar å tru.
Giske vil at Noreg skal bli eit parallellspråklegsamfunn. Det betyr at ein skal styrke både kunnskapane i norsk og i framandspråk. Språkmeldinga har dessutan opphøgd teiknspråk til eit offisielt språk.

Super språkmelding for nynorsken
- Eit løft for nynorsk i media!
Språkmeldinga

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no