Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Heide-Steen jr. er død

 (03.07.2008)

Skodespelar og komikar Harald Heide-Steen jr. (68) døde natt til etter å ha vore sjuk lenge. Den folkekjære kunstneren var kanskje best kjend for rollene som Dynamitt-Harry, riksturistsjef Johansen, Sylfest Strutle og ubåtkaptein med eige balalaikaorkester.

Frå 1993 og fram til sin død var Harald Heide-Steen jr. tilsett ved Det Norske Teatret. Han dekka eit breidt spekter av roller her. Han gjorde seg populær med rollefiguren Sylfest Strutle på 80-talet, ein mann med ei mildt sagt underleg dialekt.
I 2005 var det Hardald Heide-Steen jr. som vart underskrivar nummer 10.000 i kampanjen for sleppe nynorsken til i spaltene til Dagbladet og VG. Då bad han om orsaking om Strutle hadde blitt oppfatta som ein parodi på nynorskbrukarane.
– Sylfest Strutle var ikkje ute etter å drite ut nynorsken. Han har ikkje noko nedsetjande syn på nynorsken, han snakkar berre så innmari dårleg, forklara Heide-Steen jr., og fortalde at Strutle eigentleg var ein parodi på byfolk, som prøver å snakke tilnærma nynorsk.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no