Avisa Nationen har gjort ei undersøking på om folk tykkjer det er viktig at skuleelvar lærer å lese og skrive både nynorsk og bokmål og nynorsk. 43,9 % av dei spurde meiner det ikkje er viktig. 27,9 % meiner det motsette. Overraskande nok er Oslo på linje med store nynorskfylke som Rogaland og agder-fylka.
Undersøkinga bryt ned tala til eit standarisert gjennomsnitt der 0 er heilt ueing i at det er viktig med både bokmåls- og nynorskopplæring og 100 er heilt einig at det er viktig. Då ser ein at støtte til den to-språklege linja er størst i Møre og Romsdal (60) og Sogn og Fjordane (69). Men samstundes ser ein at motstanden mot sidemålsopplæringa i Oslo (38) og Akershus (41) ikkje er så stor som sidemålsmotstandarane vil ha det til.
Les meir hjå NationenHer er sjølve resultata. Det blir lettare å lese om ein skriv dei ut.
Fakta side 1Fakta side 2Fakta side 3