Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

For lang frist på rapportering

 (08.08.2008)

Ein undersøking Utdanningsdirektoratet gjorde i april, synte at mange fylkeskommunar tok lett på ansvaret dei har for å skaffe elevane nynorske lærebøker til skulestart. No har direktoratet satt fristen for å rapportere inn manglande bøker til 29. august. - For seint, meiner Elevorganisasjonen og Utdanningsforbundet.

- Det er oppsiktsvekkande at dei ikkje krev å få eit oversyn over kva bøker som kjem eller blir forseinka allereie ved skulestart, seier leiar i Elevorganisasjonen Håvard Vederhus til Dagavisen. Leiaren i Utdanningsforbundet Helga Hjetland er samd.
- Fristen for å melde frå om manglar burde ha vore satt til skuletart, slik at skulane kunne ha meldt inn til fylkeskommunane rundt 15. august. Det skulle ikkje ha vore så altfor komplisert, seier ho til Dagsavisen.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no