Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Marknadsmakta kan sikre nynorske lærebøker

 (18.08.2008)

- Denne veka er det skulestart over heile landet. Mange nynorskelevar vil i dagane framover oppdage at lærebøkene deira ikkje er komne på nynorsk. Saka er så viktig at ingenting må stå uprøvd for å sikre elevane nynorskbøkene dei har krav på, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag og Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

Fylkeskommunane er skuleeigar for dei vidaregåande skulane, og har eit viktig ansvar for å sikre elevane nynorskbøker. Trass i dette syner det seg at tunge nynorskfylke som Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland ikkje brukar marknadsmakta si på vegner av nynorskelevane.

- Fylkeskommunane har ei passiv haldning og brukar ikkje sanksjonar i innkjøpsavtalane sine for å sikre at nynorskbøkene er ferdige ved skulestart, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom krev at fylkeskommunane må ta i bruk sine beste byråkratar og juristar for å setje opp avtalar med sine lærebokleverandørar som tvingar fram at nynorskutgåvene vert produsert samtidig med bokmålsutgåvene.

- I år får fylkeskommunane 223 millionar kroner for å kjøpe inn lærebøker til elevane. Ingen andre kundar ville bruke slike summar utan å stille krav til seljaren, eller godta at vara har så store manglar, seier Jens Kihl.

For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, telefon 928 16 136 (m) Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom, telefon 992 31 490 (m)

Pressebilete av Hege Myklebust og Jens Kihl.

Utspel i NRK Sogn og Fjordane : - Amatørmessig av fylkeskommunen

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no