Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hauge 100 år

 (18.08.2008)

Foto: Jan Kløvstad
I dag er det hundre år sidan Olav H. Hauge (1908-1994) vart fødd. Samlaget markerer hundreårsjubileet med to nye bøker om Hauge og diktinga hans, og tre av Hauges eigne bøker i nye utgåver.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ”ein vanleg arbeidsmann”. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på over 25 språk.

Det Norske Samlaget makerer jubileet med ei rad utgjevingar.Tid å hausta inn er ei samling essay, artiklar og dikt om mannen og verket. Bodil Cappelen og Ronny Spaans har vore redaktørar, og mellom bidragsytarane finn ein Einar Økland, Eldrid Lunden, Jan Erik Vold, Ruth Lillegraven og Øyvind Rimbereid.

Olav H. Hauge og bygda er ei rikt illustrert bok der Steinar I. Bergo og Arne Skjerven, vener og sambygdingar av diktaren, syner fram samspelet mellom mannen og den bygda han budde i heile livet. Med sin lokalkunnskap har forfattarane kunna utvide og forklare korleis mange av Hauges dikt tek utgangspunkt i naturen i og kring Ulvik.

Inger Lise Belsvik illustrert eit utval av Hauge sine dikt. Når tussalusi kviskrar er både ei høgtlesingsbok for dei minste og ei biletbok som dei større kan studere på eiga hand.

I tillegg kjem det nye utgåver av ABC, illustrert av Bodil Cappelen og Dikt i samling.

Foto: Jan Kløvstad

Pressemelding Samlaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no