Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Fylkeskommunane må bruke marknadsmakta

 (19.08.2008)

Idag går Språkrådet ut og gjev full støtte i kravet frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom.
– Skuleeigarane må krevje av forlaga at dei kan levere skulebøker på begge målformer. I tillegg må Utdanningsdirektoratet skaffe seg oversikt over læreboksituasjonen langt tidlegare på året, seier Sigfrid Tvitekkja, fagkoordinator i Språkrådet i pressemelding.

Trass i nye tiltak som skulle sikre at nynorskelevar etter lova får lærebøkene sine til skulestart, gjentek problemet seg også i år: Ved mange skular er det berre bokmålselevane som får bøker, nynorskelevane må vente.

– Dette krenkjer dei språklege rettane til elevar som brukar nynorsk, seier Tvitekkja.

Utdanningsstyresmaktene for seint ute
Språkrådet meiner det er for seint å skaffe seg oversikt over situasjonen 29. august, som er fristen Utdanningsdirektoratet har sett for at kommunane og fylkeskommunane skal melde frå om dei får skulebøkene i tide.

– Viss det skal vere mogleg å setje i verk tiltak for å få bøkene på plass til skulestart, seier det seg sjølv at fristen ikkje kan setjast til slutten av august, seier Tvitekkja.

Kommunane må krevje bøker på både nynorsk og bokmål
Språkrådet ber utdanningsstyresmaktene lage ein standardtekst som kommunane og fylkeskommunane kan bruke når dei skal hente inn anbod på skulebøker frå forlaga. Forlag som ikkje kan levere bøker på begge målformer til skulestart, kan ikkje bli vurderte som leverandørar.

– Slik kan skuleeigarane bruke marknadsmakta si til å sikre at skulebøkene kjem i tide, på både bokmål og nynorsk, seier Tvitekkja.

Les heile saka hjå Språkrådet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no