Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Viasat satsar på nynorsk

 (26.08.2008)

I oktober og november vert det analoge bakkenettet for fj ernsyn sløkt i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det er fl eire aktørar som tilbyr digitale mottakar som skal ta inn dei nye digitale TV-signala. Viasat skilje seg ut ved å gjere dette på nynorsk.

Om ikkje mange vekene sløkkjer ein dei analoge TV-sendarane på Nordvestlandet. For å kunne sjå TV då, må alle som til no har motteke TV-signal frå bord- eller takantenne, skaff e seg ein digital mottakar.

I september går det ut eit åttesiders såkalla sløkkjemagasin frå Viasat til alle husstandar i Sogn og Fjordane, og til delar av Møre og Romsdal. Øystein Hygen Christensen er Presse og informasjonsansvarleg i Viasat og har vore med og arbeidd fram denne husstandskampanjen.

– Kvifor satsar de på å reklamere for dykk sjølve på nynorsk?
– Motivasjonen for å bruke nynorsk i vårt kampanjemateriell har fyrst og fremst vore at vi ønskjer å skilje oss frå konkurrentane og å komme tettare på folk med bodskapen vår. Ved å bruke målforma dei aller fl este på Nordvestlandet nyttar til dagleg, får vi samtidig signalisert at vi tek kundane på alvor – uansett målform, fortel Øystein Hygen Christensen, presse- og informasjonsansvarleg i Viasat.

– Vi gler oss over at kommersielle aktørar meiner at det er eit godt kommersielt grep å bruke nynorsk når dei skal nå ut med informasjon til aktuelle kundegrupper. Mitt klare inntrykk er at det vert brukt meir nynorsk i næringslivet. Vi har dessverre ikkje noko skikkeleg tal på nynorskbruk i reklame og næringsliv, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no