Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oslo-barnehagar vil ikkje ha nynorske barnebøker

 (28.08.2008)

Førskolelærarar i Oslo vil ikkje lese bøker på nynorsk for ungane. Det slår Monica Eide ved førskolelærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo fast etter å ha undersøkt bruken av nynorske bøker i barnehagane i Oslo.

Eide skriv i bacheloroppgåve at ho har funne at 6 prosent av bøkene Deichmanske bibliotek i Oslo låner ut til barnehagar, er på nynorsk. Biblioteket har ikkje eksakte tal for kor stor del av boksamlinga for førskolebarn som er på nynorsk, men det er langt meir enn dette.

Eide har òg undersøkt bokkassene i tre barnehagar i byen. Av til saman 120 bøker var 8 på nynorsk. Etter å ha observert korleis personalet i desse barnehagane formidla nynorske bøker når dei vart oppfordra til det, og etter å ha spurt medstudentar om kva dei gjer, har Monica Eide konklusjonen klar:
– Når førskolelærarar i Oslo nyttar nynorske bøker, omset dei bøkene til bokmål medan dei les, seier ho til bladet Utdanning.

Grunnane dei nemner, er at dei sjølve opplever det unaturleg å lese nynorsk, og at dei trur barna ikkje forstår. Men det siste stemmer ikkje med Monica Eide si oppleving av å lese nynorsk for Oslo-barn.

– Barna kan spørje om kva ord betyr, og om kvifor eg les til dømes ”mjølk” i staden for ”melk”. Men det oppfattar eg som at dei er nyfikne og interesserte, ikkje at dei klagar, seier ho til Utdanning.

– Vi må jo forklare ord når vi les bokmålstekstar også, seier fungerande leiar i seksjon barnehage i Utdanningsforbundet Oslo, Atle Danielsen.
– Eg vil tru at å oppleve at ord og uttrykk kan vere ulike, vil skjerpe språkinteressa til ungane og auke interessa deira for å lytte. Så det er ingen grunn til å halde barnehagebarn unna nynorsk, seier Danielsen til Utdanning.

Les heile saka her

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no