Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Unge Høgre slår eit slag for nynorsk

 (28.08.2008)

Foto: Hallingdølen
Hallingdal Unge Høgre vil ha nynorsk som hovudmål i heile Hallingdal.
-Me må ta vare på språket vårt, seier formann Iselin Haugo til Hallingdølen.

I lesarinnlegget Lik målform for grunnskulane i Hallingdal tek lokallaget til ordet for å samle skulane i Halling språkleg. Lokallaget er uroa over at det er skilnad på elevane som har gått på bokmålskular og dei frå nynorskskular. "Derfor meiner Hallingdal Unge Høgre at alle Hallingdalskommunane bør fastsette nynorsk som målform i grunnskulane. Ikkje berre for å minske skilnadene mellom elevane på VGS., men like mykje for å verne om nynorsken, og for å bryte ned nokre av dei dårlege haldningane som elevane har til denne målforma, som er ein utruleg viktig del av vår norske kulturarv."

–Unge Høgre er ikkje mot nynorsk, slik enkelte trur. Me er snarare opptekne av at me må ta vare på språket vårt, og i Hallingdal bør det vere nynorsk, fortel Haugo til avisa Hallingdølen, men understrekar at dei vil ha valfritt sidemål.

Iselin Haugo sit i arbeidsutvalet til Buskerud Unge Høgre.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no