Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Pressemelding frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom:

– Gje oss lommerusket ditt, Bård Vegar!

 (31.08.2008)

Fleire veker etter skulestart er det framleis mange elevar og lærarar som ventar på lærebøker på nynorsk. – No må statsråd Bård Vegar Solhjell grave fram litt lommerusk for å sikre nynorskbøker til alle, seier Myklebust og Kihl frå Mållaget og Målungdomen.

Fleire veker etter skulestart er det framleis mange elevar og lærarar som ventar på lærebøker på nynorsk. Verre er det at det no syner seg at fleire forlaga ikkje har planar om å trykke opp nynorskutgåva, fordi dei ikkje får økonomisk tilskot.

– No må statsråd Bård Vegar Solhjell setje i gang strakstiltak i haust. Dersom Solhjell ikkje syter for at bøkene kjem på nynorsk, pressar han i praksis mange elevar over til bokmål. Er dette ei utvikling statsråden ønskjer, spør Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

– For elevane og lærarane er det uhaldbart at dei ikkje får lærebøkene på nynorsk. For å unngå at dei må gå eit heilt skuleår utan nynorskbøker, må Kunnskapsdepartement gå inn med ekstraløyvingar i haust, krev Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

I årets statsbudsjett var det set av om lag 14.5 millionar kroner til å sikre parallellutgåver i mindre fag, men denne potten strekk ikkje til.
– Dei mindre forlaga har ikkje den økonomiske krafta til å trykkje parallellutgåver i meir spesialiserte fag. Difor treng dei ekstra løyvingar. Dette er det semje om i departementet og forlaga, og det burde vere ei smal sak for Solhjell å grave fram litt lommerusk for å sikre nynorskbøker til alle, seier Myklebust og Kihl.



For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, telefon 928 16 136
Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom, telefon 992 31 490

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no