Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tove Bakke festspeldiktar i 2009

 (03.09.2008)

Foto: Kjartan Helleve
Den språkmektige omsetjaren og gjendiktaren Tove Bakke blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2009.

Ho er den første omsetjaren som får oppdraget som festspeldiktar, og det er første gongen ein festival heidrar omsetjarane med dette ærefulle vervet. Dei Nynorske Festspela 2009 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå onsdag 24. juni til søndag 28. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Omsett frå sju språk
Det er ein språkmektig omsetjar som skal prege Dei Nynorske Festspela 2009. Bakke har omsett og gjendikta frå heile sju språk: fransk, spansk, katalansk, portugisisk, svensk og bokmål. – Portugisisk er nok det språket som står meg nærmast, seier Bakke.

– Språkmøte mellom mange kulturar kjem til å prege festspelprogrammet neste år. Med Tove Bakke som festspeldiktar får vi sjansen til å gi denne årlege feiringa av nynorsk skriftkultur ein endå tydelegare sjølvstendig profil, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Omsett 54 bøker og skodespel
Tove Bakke har omsett i alt 45 bøker og 9 skodespel. Debutarbeidet hennar var Døden i Vesten av den franske historikaren Philippe Ariès, utgitt på norsk i 1977. Til no har ho omsett 15 faktabøker og 12 skjønnlitterære bøker for barn og unge, 10 diktsamlingar, 6 romanar og 2 sakprosabøker for vaksne, og 9 skodespel.

Kva festspeldiktaren skal gjere under Festspela neste år, blir fastlagt utover hausten og vinteren. – Publikum skal nok få både det dei ventar og noko som overraskar. Ved at så ulike forfattarar er festspeldiktarar, blir Festspela ganske ulike frå år til år, seier Åshild Widerøe.

Pressemelding Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no