Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkrådet møter språkbrukarane i nordvest

 (10.09.2008)

Torsdag 11. september inviterer styret og leiinga i Språkrådet språkbrukarane til ope møte i Aasen-tunet.

- Vi inviterer alle språkinteresserte i regionen til ope møte. Alle som har spørsmål om språk eller ønskjer å utfordre Språkrådet, er velkomne. Dette er eit høve til å få Språkrådet i tale om alt som gjeld språk. Store og små spørsmål er like velkomne, seier språkdirektør Sylfest Lomheim, som skal innleie og svare på spørsmål i møtet.

- Vi ønskjer å høyre kva publikum ventar seg av Språkrådet. Vi vil vite meir om på kva måte folk i regionen meiner at Språkrådet kan vere til hjelp, seier Lomheim.
Det er første gong Språkrådet, som er statens fagorgan i språkspørsmål, arrangerer eit slikt ope møte for språkbrukarar.

- Vi er òg interesserte i å høyre kva språkbrukarane i regionen meiner er dei viktigaste utfordringane for språket vårt framover, seier Lomheim. Styreleiar Ida Berntsen og styremedlemmene i Språkrådet deltek i møtet, som varer frå 20.00 til 21.30.
Før på dagen held Språkrådet styremøte i Aasen-tunet.

Pressemelding Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no