Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Undersøking stadfestar problem med nynorske læremiddel

 (11.09.2008)

- For første gong har vi gjort ei kartlegging av læremiddelsituasjonen for elevane ved skulestart. Dei fleste elevane har i haust fått lærebøkene i rett tid. Det er bra. Men framleis ser vi problem og forseinkingar når det gjeld læremiddel på nynorsk, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Ved skulestart 2007 vart det rapportert om at elevar ved mange vidaregåande skular ikkje hadde fått lærebøkene i rett tid. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har no fått rapporten med oversikt over situasjonen ved skulestart i haust.



- Eg er glad for at problema med forseinka læremiddel ikkje har fått same omfang som i fjor. Vi skal halde fram med samarbeidet med partane slik at enda fleire elevar kan få læremiddel i tide hausten 2009, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Forseinka læremiddel
Undersøkinga viser at det også i år er læremiddel som ikkje blir leverte i rett tid. 13 av 19 fylkeskommunar har slike erfaringar i haust. Samstundes viser undersøkinga at problema i år ikkje har same omfanget som i fjor. Da skapte vanskar med leveransar hos forlaga store utfordringar for mange skular og elevar. Kartlegginga viser at fylkeskommunane har fått eit betre system, mellom anna med tidlegare tinging. I år vil læremidla i hovudsak vere på plass i september. Forseinkingane gjeld i størst grad nynorskutgåver.

Dei største utfordringane er knytte til læremiddel som ikkje er tilgjengelege i begge målformer. 13 av 19 fylkeskommunar seier at dei har kjøpt slike læremiddel. Kunnskapsdepartementet vil følgje opp skuleeigarane tett fram til neste skuleår for å sikre at dei på dette området tek det ansvaret som ligg i opplæringslova.

Les rapportane her

Pressemelding Kunnskapsdepartementet
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no