Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Ikkje overraska over nynorsk-manglar

 (11.09.2008)

Utdanningsdirektoratet har i dag lagt fram ei undersøking som syner at 13 fylke har kjøpt inn læremiddel som ikkje fanst på både nynorsk og bokmål til skulestart. Sju fylke har heller ikkje kontrollert at skulane fylgjer lova på dette feltet.

– Resultata burde vekkje oppsikt i skule-Noreg. I staden er dette berre ei stadfesting av det vi har visst i årevis, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom. Han tykkjer det er alvorleg at korkje Kunnskapsdepartementet eller fylka ser ut til å ta problemet på alvor:
– I 34 år har vi sett desse lovbrota ved skulestart. Kva tid skal Bård Vegar Solhjell skjøne at august kjem kvart einaste år?, spør målungdomsleiaren.

– Det er positivt at lovbrota no blir dokumentert. Men dette oversynet hjelper ikkje nynorskelevane. Det einaste som løyser problema er å skaffe nynorskbøker til skulestart, poengterer Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.
– Vi har gjort framlegg om fleire strakstiltak som er fullstendig naudsynte for å betre stoda, utan at Kunnskapsministeren ser ut til å ha planar om å gjennomføre dei. Dette er for dårleg, seier Myklebust.

I rapporten blir Sogn og Fjordane sitert slik: «Det er vanskeleg å sjå kva reelle verkemiddel fylkeskommunen har for å sikre at læremiddel vert produsert til rett tid på begge målformer.» – Dette er ei pinleg ansvarsfråskriving frå nynorskfylket. Lova er heilt klår: skuleeigaren, altså fylket, har berre lov til å kjøpe læremiddel som finst på nynorsk. Vi treng ein grundig gjennomgang av innkjøpsrutinane ute i fylka, krev Hege Myklebust.

– Det er verste i denne saka er at det er elevane som blir skadelidande, meiner Jens Kihl.
– Elevane sit langt frå byråkratane i departement og fylke, og er avhengige av at desse gjer jobben sin. Når det offentlege sviktar, blir resultatet kvart år at mange elevar ser seg nøydde til å byte til bokmål. Dette er språkdiskriminering og særs alvorleg, meiner Myklebust og Kihl.

For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, telefon 928 16 136
Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom, telefon 992 31 490

Bilete til nedlasting


Pressemelding frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no