Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kandidatar til næringslivspris

 (15.09.2008)

For tredje året på rad deler Mållaget ut Nynorsk næringslivspris. No er vi på jakt etter gode kandidatar. Lerum AS og Hotel Alexandra er tidlegare prisvinnarar.

Framlegg kan vera både på reine nynorskbedrifter og på bedrifter som
nyttar nynorsk jamsides med bokmål i marknadskommunikasjonen sin.

Vinnaren vil få høve til å marknadsføra seg gjennom Mållaget sine kanalar. Verksemda får også eit pris-vinnarmerke som kan nyttast på nett og i trykksaker.

Utmerkinga skal fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. Alle typar næringsverksemd som ikkje er omfatta av Mållova kan motta prisen / utmerkinga.

Prisen blir delt ut i Oslo 5. desember, og fristen for å koma med framlegg er 10. oktober. Framlegg kan sendast inn til gro.morken@nm.no.

Les meir om Nynorsk næringslivspris.


Jury for Nynorsk næringslivspris:

Berit Rekve, juryleiar, leiar i Mediemållaget, telefon 958 70 611
Jørn Lekve, Bergen, direktør for informasjon og samfunnskontakt, Sparebanken Vest
Christian Sulheim, Lom, tidlegare konserndirektør i ICA Norge og bonde,
representant for Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Anne Karin Sveinall, Trondheim, rektor ved Adolf Øien videregående skole og tidlegare direktør i Fokus Bank
Liv Krumsvik, leiar for Nordmøre Mållag

Hege Lothe
Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no