Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dei nynorske mediedagane

 (15.09.2008)

Helga 10.–12. oktober er Dei nynorske mediedagane, og spørsmålet om nynorsk i media vert sett under krysseld, med programpunkt som går frå Vinje via barnefjernsyn til nettavisene.

– Det byrja med at vi i styret for Mediemållaget ønskte å ei større ramme kring eit årleg seminar og utdelinga av Nynorsk redaktørpris. Då var 150-årsjubileet for Dølen 10. oktober ein viktig faktor. Deretter freista vi å strekkja opp eit større lerret for den vidare idéutviklinga og kom fram til at nyskapinga skulle få namnet Dei nynorske mediedagane, fortel Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.
– Sidan har det balla på seg, og du kan trygt seia at ambisjonsnivået har vorte kanskje to hundre prosent over det vi kanskje burde hatt, held ho fram. Ho verkar likevel ganske roleg no, ein månad før. Samarbeidspartnarar som Noregs Mållag og Kringkastingsringen står for store programpostar, men det er Mediemållaget og Rekve som tek seg av organiseringa og koordineringa.

Positive alliansar
– Ligg det ei berande idé bak tilskipinga?
– Vi ønskjer først og fremst å skapa eit forum for å synleggjera nynorsk i media. Det er mange verksemder og organisasjonar i målrørsla og i media som arbeider for og med nynorsk. Ideen er å skapa rom for eit mangfald av idear og ordskifte, slik at mange kan finna plass til engasjementet sitt.
– Eg trur det er viktig at vi greier å byggja positive alliansar og variera innfallsvinkelen når vi arbeider med nynorsk i media. Difor tok vi rett og slett kontakt med ei rekkje potensielle samarbeidspartnarar og bidragsytarar som kunne tenkja seg å bera engasjementet sitt inn på dette ”torget”, og det synte seg at både Noregs Mållag og Kringkastingsringen hadde planar om seminar i haust som høvde på seminara våre.
– Nynorsk er jo til stades i media, men kanskje ikkje så mykje som mange skulle ønska. Er dette skrytedagar eller klagedagar?
– Det er litt ”ja takk, begge delar”, litt avhengig av kva for del av programmet det gjeld. Fagseminaret fredagen vil dreia seg mykje om å få meir nynorsk i kjølvatnet av språkmeldinga. Vinje-kvelden vert både historie og feiring av nynorsken. Seminara laurdagen og sundagen set meir søkjeljos på manglane i barnefjernsyn og journalistikken, seier Rekve.

Breitt program
Det er mykje meir nynorsk i media enn det som kanskje er synleg når ein ser på det frå Oslo.
– Det er lett å gløyma alle lokal- og regionavisene der nynorsken er ein heilt sjølvsagd del av mediebiletet. Dette er veldig viktig, sjølv om vi skal pressa på for å koma inn i riksmedia, den kulørte vekepressa, fagpressa og reklame òg. Då vil eg ta opp att det eg sa om at det er viktig med positive alliansar. Slik sett er det svært kjekt at vi har fått til samarbeid med Norsk Pressehistorisk Forening, Norsk Redaktørforening og Nynorsk Pressekontor. Også Nynorsk mediesenter vil presentera tilbodet sitt i Litteraturhuset i løpet av denne helga. Dessutan inviterer vi andre nynorskverksemder og medieorganisasjonar til å presentera seg i Kverneland-rommet i Litteraturhuset laurdagen.

Redaktørpris
Dagane tjuvstartar på torsdagen med utdeling av Nynorsk redaktørpris i samband med haustmøtet i Norsk Redaktørforening, og held fram dagen etter med eit fagseminar om nynorsk som mediespråk i lys av språkmeldinga. Om kvelden vert det fest for Vinje og Dølen.
– Den 10. oktober er det 150 år sidan Aa. O. Vinje gav ut den første utgåva av vekebladet Dølen. Han var ein føregangsmann for norsk journalistikk, og dette tykkjer vi det er viktig å markera. Difor er dette ei av hovudsatsingane for Mediemållaget under Dei nynorske mediedagane. Eg må òg få retta ein stor takk til Vinje kommune og Norsk Pressehistorisk Forening for bidraga til dette jubileet.

Debattar
Laurdagen skipar Kringkastingsringen til seminar om barnefjernsyn, der både språket, innhaldet og produksjonen av barnefjernsyn står på dagsordenen. Sundagen følgjer Noregs Mållag opp med eit panelordskifte om nynorsk i nettavisene, før Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og Anne Viken møtest til debatt over spørsmålet ”kvifor kan ikkje alle journalistar skriva nynorsk?”
– Alle tilskipingane er opne, så eg vonar alle slags folk finn noko dei har lyst til å delta på. Det er gratis inngang og inga påmelding, så det er berre å stikka innom. Om det freistar med ein kveldstur på byen, samlar vi folk til uformell Nynorsk bar på Stopp Pressen torsdagskvelden.
– Ser du føre deg at dette kan verta ei årviss hending?
– Det vonar eg. Det er spennande om vi kan ta med oss årets samarbeidspartnarar og mange til vidare. Det er mange idear som måtte liggja for at vi ikkje skulle gapa over for mykje det første året. Men både kurs og andre aktivitetar ligg klåre på ”teiknebrettet”, fortel Berit Rekve.

Tarjei Vågstøl
tarjei@kringkastingsringen.no

Dei nynorske mediedagane
Frå torsdag 9 oktober til søndag 12. oktober
Tilskipar: Mediemållaget
Ansvarlege for program 11. og 12. oktober: Noregs Mållag og Kringkastingsringen.

Samarbeidspartnarar og støttespelarar:
Vinje kommune, Norsk Pressehistorisk Forening, Riksfondet for nynorsk presse, Nynorsk mediesenter, Fritt Ord, Norsk kulturråd, Norsk Redaktørforening og Sandefjord og Sandar Mållags legat til norsk målreising.

Du kan også møta representantar for Nynorsk mediesenter i Litteraturhuset under Dei nynorske mediedagane.
Ope for alle og gratis inngang.

***
Les heile programmet for
Dei nynorske mediedagane

Teksten er tidlegare trykt i Norsk Tidend 4 / 2008

Tarjei Vågstøl
Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no