Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ja til to eksamensdagar i norsk

 (16.09.2008)

Noregs Mållag er godt nøgd med at Utdanningsdirektoratet tilrår å gjeninnføre den tidlegare eksamensordninga i 10. klasse. Ordninga hadde to separate eksamensdagar for hovudmål og sidemål.

Det er viktig at elevane får god opplæring og evaluering i både hovudmålet og sidemålet. Ordninga med ein felles eksamensdag har fått kritikk frå lærarar, elevar og fagfolk, og det er gledeleg at Utdanningsdirektoratet har høyrt på denne kritikken. No oppmodar Noregs Mållag kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell til å følgje Utdanningsdirektoratet.

- Med bakgrunn i det som er framlagt, er vi sikre på at både Kunnskapsdepartementet og Stortinget vil gå tilbake til eksamensordninga med to separate eksamensdagar, seier Håvard B. Øvregård, nestleiar i Noregs Mållag.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, nestleiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Pressebilete ligg her

Les om saka hjå: Utdanningsdirektoratet

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no