Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Treng omsetjarhjelp

 (19.09.2008)

Heidi Aabrekk på Sandane er mor til ein gut på tre år som har ein hjerneskade. Sonen har CP og er totalt avhengig av folk til alle gjeremål. Han kan ikkje snakke enno og Heidi Aabrekk fekk høyre nyss i eit læringsopplegg i USA som kunne fungere for sonen.

– Vi har reist til IAHP-instituttet i USA fem gonger sidan han var 1 år for å få opplæring i korleis vi kan heve funksjonsnivået hans. Forfattarane av denne boka How To Teach Your Baby to Read er to av dei som starta og driv instituttet i dag. Det viktigaste vi har lært «over there» er at hjerneskadar ikkje øydelegg humoren, lærelysta eller opplevingslysta som han sjølv uttrykte det her ein dag, fortel Heidi Aabrekk.
– Han liker best av alt å lese bøker. Ved hjelp av eit lite bokstavbrett kan han både kommunisere og skrive tekstar om det han er oppteken av.
– I utgangspunktet er dette eit verktøy tiltenkt i samspelet mellom mor og barn, men etter to års personleg erfaring og med bakgrunn som spesialpedagog ynskjer eg å fi nne ut om dette også kan gjennomførast med relativt enkle grep i løpet av barnehagedagen, seier Heidi Aabrekk. Ho ynskjer at boka skal verte omsett til nynorsk.

Heidi Aabrekk gjev ut boka utan at eit forlag stiller seg bak med fi nansiering, og ho treng difor gode hjelparar som kan tenkje seg å vere med å omsetje boka gratis. Til no er tre kapittel omsett, men ho treng to-tre frivillige som kan tenkje seg å gjere ein omsetjingsjobb gratis. Planen er at boka skal omsetjast i løpet av hausten.



Vil du vite meir om prosjektet?
Ta kontakt med Heidi Aabrekk på e-post:
heidiaabrekk@hotmail.com, telefon: 970 43 426 (m)
Les meir om metoden hjå www.domansiden.no

Teksten er henta frå Norsk Tidend 4 / 2008
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no