Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Gjer ikkje jobben sin

 (23.09.2008)

- Problemet er eit Storting og ein statsråd som ikkje gjer jobben sin, seier Arnstein Bjørke i Fagbokforlaget til NRK Sogn og Fjordane. Han meiner at kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell lyt ta ansvar for læremiddelsituasjonen.

Bjørke er lite nøgd med at kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell oppmoda fylkeskommunane om å gje forlaga dagbøter for manglande lærebøker på nynorsk.

Ein månad etter skulestart ventar mange vidaregåandeelevar på lærebøker på nynorsk. Ifølgje Bjørke ventar dei til inga nytte.
- For dei fleste faga er ikkje problemet at bøkene er forseinka. Problemet er at bøkene ikkje er byrja på fordi at departementet ikkje gjev svar på kva bøker som skal ut og når det kjem pengar, seier han.

Dersom ei lærebok blir bestilt i meir enn 5000 eksemplar, skal forlaget lage ei basisutgåve, som oftast er på bokmål, og ei parallellutgåve utan økonomisk støtte. Er bestillinga er på under 5000 eksemplar, skal forlaget få økonomisk støtte til å lage parallellutgåva.

Er det er snakk om under 1000 bøker, skal forlaga få økonomisk støtte til både bokmål- og nynorksutgåva.

Men forlaga får ikkje midlar til å trykkje opp bøker på nynorsk.
- Vårt forlag, og andre forlag, har spurt om direktoratet vil at vi skal gje ut desse bøkene på nynorsk, men får til svar at dei ikkje har pengar til å prioritere desse faga no, seier han og held fram:

- Vi er klare til å gje ut bøkene på nynorsk og gjer det så snart vi får klarsignal frå direktoratet. Men då må statsråden ta ansvar og stille med pengane, og ikkje legge skulda på alle andre.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no