Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Elevar må få nekte å ta eksamen

 (23.09.2008)

Dagleg leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård, vil gje maktmiddel til nynorskelevane.
- Elevar som ikkje får lærebøker på nynorsk, må sleppe å gå opp til eksamen i nynorskfag, seier Janne Nygård til avisa Firda.

Ho er svært uroa over at nynorskelevane i Sogn og Fjordane heller ikkje i år får lærebøkene på nynorsk i tide. No meiner ho fadesen må få konsekvensar for eksamenskrava.

– Det er fylket sitt ansvar å stille med læremiddel og sørgje for ei skikkeleg opplæring. Når elevane ikkje får ei opplæring som samsvarar med krava, så bør det heller ikkje vere krav til å avleggje eksamen, seier Nygård.

Ho understrekar at alle bør ta eksamen i alle fag. Men føresetnaden må vere at elevane får den undervisninga dei har krav på i samsvar med lover og regelverk.

– Det er heilt klart at nynorskelevane som ikkje har fått undervisning på eiga målform, stiller med eit dårlegare utgangspunkt til eksamen enn bokmålselevane. Medan nynorskelevar nesten må vere aksjonistar for å få bøkene sine, så sklir bokmålselevane igjennom, seier Nygård.

Også foreldre Firda har vore i kontakt med, er svært opprørte over behandlinga av nynorskelevane.


– Det blir heilt urimeleg at dei skal avleggje eksamen i fag der styresmaktene ikkje følgjer opp, seier ei mor.

Janne Nygård kan faktisk forstå nynorskelevar som byter målform og heller tek eksamen på bokmål, slik stoda er.
– I påvente av nynorske bøker får elevane gjerne låne bokmålsbøker, eller dei blir leie av å vente og kjøper sjølve. Når dei skal opp til eksamen, manglar dei ordforråd og faguttrykk på nynorsk og dei går over til bokmål.


– Eg kjenner til at elevar i tunge økonomifag ikkje har kunna gå opp i eksamen på nynorsk fordi dei ikkje har hatt faguttrykka på plass.
Nygård meiner lærebokmangelen er største årsaka til at ungdom konverterer frå nynorsk til bokmål.
– Styremaktene signaliserer at nynorsk ikkje er viktig og at språket ditt ikkje kan brukast. Ungdommen vert ikkje trygg på å bruke nynorsk. Når dei etter vidaregåande søkjer seg til universitet, går dei over til bokmål fordi alt blir enklare, seier Nygård.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no