Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny salmebok i Den norske kyrkja

 (25.09.2008)

Eit omfattande nybrotarbeid er i sving i Den norske kyrkja. Denne hausten vert det sendt ut nytt framlegg til salmebok, ny ordning for hovudgudsteneste og ny tekstbok for Den norske kyrkja. I høyringsbrevet til kyrkjelydane og høyringsinstansane gjer Kyrkjerådet det klart at dei ikkje er nøgde med fordelinga mellom nynorsk og bokmål slik salmeboka ligg føre nett no.

– Uavhengig av totalomfang, nummerering og inndeling må spørsmålet om kvantifisering av målformer og språk underlegges en grundig vurdering. I forholdet mellom bokmål og nynorsk er det tilstrebet en videreføring av dagens fordeling, det vil si en fordeling på ca. 60/40 i forholdet mellom bokmål og nynorsk. Resultatet har blitt at de to bindene samlet sett inneholder godt og vel en tredjedel salmer på nynorsk, det vil si et forholdstall på 65/35. Målsettingen må være at alle menigheter skal ha et tilstrekkelig utvalg av salmer gjennom hele kirkeåret. I de aller fleste avsnittene er det oppnådd en rimelig god fordeling, men visse avsnitt er foreløpig såvidt skjevfordelte at høringsperioden må brukes til å bøte på dette, skriv Kyrkjerådet.

I særstilling
Saka om den nye salmeboka var oppe på landsmøtet i Noregs Mållag i vår. Det var då klart at Noregs Mållag meiner at salmeboka er viktig for folk i Noreg og Mållaget seier seg heller ikkje nøgd med dagens fordeling.
– Salmar er ein sjanger i særstilling når det gjeld språkleg uttrykk. Salmar høyrer til ved dei viktigaste stunder i livet og rører ved dei djupaste strengar i sinnet. For hundretusenvis av kyrkjefolk i dette landet er det fyrst og fremst nynorsk som kan gje den rette klangbotnen. Det er sjølvsagt viktig å ta omsyn til ulike tema og gudstenestelege høve, slik at det i alle samanhengar er mogleg å velja salmar på sitt eige mål, vedtok landsmøtet.
– Noregs Mållag ser det som ein grunnleggjande rett at kyrkjelydar med nynorsk som liturgisk språk/nynorsk liturgi, får like mange salmar på eige mål å velja i, som dei med bokmål. Me oppmodar på det sterkaste Kyrkjerådet til å syta for språkleg jamstelling, det vil seie like mange salmar på nynorsk som på bokmål.

Oppmoding
I fråsegna frå landsmøtet oppmoda Noregs Mållag oppmodar alle høyringsinstansar i landet til å ta omsyn til den språklege fordelinga når dei vurderer salmeutvalet.
– Det blir kyrkjelydane med sine medarbeidarar som til slutt vel kva for salmar dei vil bruka. Men eit likeverdige tilbod til alle føreset at begge språka er likt representerte, påpeikar Noregs Mållag.


Ny salmebok – høyringsrunde
Frist: 1.februar 2009
Les meir hjå www.kyrkja.no
Dei nye framlegga vert sende ut til om lag 100 høyringskyrkjelydar, i tillegg til 50 andre høyringsinstansar.
Målet er at alle kyrkjelydar skal ta i bruk den nye salmeboka fyrste sundagen i advent i 2010.

Hege Lothe

Teksten har stått på trykk i Norsk Tidend 4 / 2008
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no