Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Studieopplegg til språkmeldinga

 (30.09.2008)

Den 27. juni la Kulturdepartementet fram kanskje den viktigaste stortingsmeldinga for nynorsken på fleire tiår. Stortingsmelding nr. 35 Mål og meining tek føre seg språksituasjonen i Noreg langt meir utfyllande enn noka tidlegare melding, mellom anna med eit eige kapittel om språk og makt. Noregs Mållag har laga eit eige studieopplegg til stortingsmeldinga.

Det sentrale perspektivet i meldinga når det gjeld nynorsken, er at ho følgjer opp og byggjer vidare på synspunkta frå Kulturmeldinga (2003) og Soria Moria-erklæringa, om at det er eit offentleg ansvar så langt råd er å vega opp for den skeive maktbalansen som er mellom bokmål og nynorsk fordi nynorsk i mange samanhengar blir undertrykt.

Meldinga er på 250 sider, og det er ikkje å venta at så mange har høve til å gå grundig gjennom heile teksten. Sentrallekken har valt ut nokre tekstavsnitt som handlar om emne vi prioriterer høgt i arbeidsprogrammet vårt, og som styret og skrivarstova vil ta tak i i den vidare oppfølginga med høyringsinnspel m. v. utetter vinteren.

Teksten har fire delar og er lagt opp som eit studieopplegg, slik at dei laga som ynskjer det, kan laga studiemøte, medan det sjølvsagt er råd å lesa gjennom teksten på vanleg måte også. Det viktigaste er at vi er mange som kjenner hovuddraga i meldinga og kan lyfta fram regjeringspolitikken i ulike samanhengar der vi diskuterer vegen vidare for nynorsken.

Dei fire tekstutdraga gjeld:
1 Overordna mål og analysar
2 Offentleg målbruk
3 Media
4 Norsk for innvandrarar

Ynskjer de å lesa heile meldinga / andre tekstutval enn det som ligg ved her?
Sjå: nettsidene om St.meld.nr.35

Vil de diskutera eller få råd om studieopplegget, meldinga eller anna knytt til dette med nokon sentralt, kan de ta kontakt med nestleiar Håvard B. Øvregård på havard.ovregard@nm.no.

Studieopplegget ligg klart til bruk nederst på nettsida.

God lesnad!

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no