Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ein tanke slo meg her om dagen

 (03.10.2008)

Laurdag 4. oktober går teppet opp for Ein tanke slo meg her om dagen, Litteraturhuset i Oslo si fyrste eigenproduserte teaterframsyning. I høve hundreårsjubileet for diktaren Olav H. Hauge har skodespelar Henrik Mestad og dansar Ingrid Lorentzen teke utfordringa med å formidle dei overveldande kreftene som prega Hauges liv og dikteriske univers i ei timelang framsyning.

Med seg på musikksida har dei Trygve Seim og Frode Haltli, som nett har hausta flotte kritikkar for si nye plate Yeraz. Billettar i sal no på www.litteraturhuset.no.

Schizofrene kan ofte sjå naturi onnorleis enn normale. Eg hugsar soleis eg stod i vindauga på Valen sjukehus og såg ut yver sundi og øyane der i Sunnhordland. Dag etter dag, stod på same staden og såg. Eg var i trance. Landet og sjøen var blå og yverjordisk, eit land utanum rom og ti. Elles var det ofte under sjukdomen eg hadde rider då natursynet trollbatt meg heilt, ei slik verd hadde eg aldri set fyrr. Eg gjekk frå vindauge til vindauge og berre såg og såg i dagar og viker og månader.
- Frå Olav H. Hauges dagbok (Dagbok 1924 – 1994, Samlaget år 2000)

Henrik Mestad er skodespelar og har vore tilsett ved Nationaltheatret sidan 1991. Han har spelt i ei rekkje filmar og fjernsynsseriar, og har tidlegare skrive stykka Lik meg når jeg er teit og Nansens sønn, som begge vart sett opp på Nationaltheatret.

Ingrid Lorentzen vert rekna som ei av dei dyktigaste dansarane i Noreg og er solist i Nasjonalballetten. Ho har utdanning frå blant anna Oslo, Stockholm, New York og Paris og har dansa store klassiske roller så vel som Eva Linde i Genanse og verdighet og Mme de Tourvel i Farlige forbindelser.

Trygve Seim er saksofonist og komponist. Han har i femten år vore med i gruppa The Source og har mellom anna spelt med Manu Katché og Trio Mediaeval. Seim har dessutan jobba mykje med arabisk musikk, og har gjeve ut fleire CDar på prestisjetunge ECM.

Frode Haltli har utdanning frå Noregs Musikkhøgskule og soliststudiet ved Musikkonservatoriet i København. Han fekk Spelemannprisen 2002 i klassa samtidsmusikk for si debutplate Looking on darkness. POING, RUSK, Oslo Sinfonietta og Oslo Filharmoniske orkester er berre nokre av dei han har spelt med.

Framsyninga vert følgd av fleire seminarar knytta til forfattarskapen og livet til Olav H. Hauge, alle opne for publikum. Meir om det på www.litteraturhuset.no. Det vert framsyningar frå Laurdag 4. oktober – torsdag 9. oktober 2008.


Oppsetjinga er produsert av Litteraturhuset og støtta av Hauge-Tveitt jubileet.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no