Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Dei nynorske mediedagane 2008

Pressehistorie, barnefjernsyn og journalistspråk

 (05.10.2008)

Mediemållaget arrangerer for første gong Dei nynorske mediedagane i Oslo 9.-12. oktober. - Vi feirar framfor alt 150-årsjubileum for A.O. Vinjes blad Dølen fredag 10. oktober, med forfattarar, Odd Nordstoga og andre musikarar. Det vert dessutan utdeling av Nynorsk redaktørpris, møte om språkmeldinga med statssekretær Harsvik (KKD), og seminar både om barnefjernsyn og om journalistane og nynorsken, seier Berit Rekve, leiar i Mediemållaget.

Litteraturhuset i Oslo er hovudarenaen for Dei nynorske mediedagane. Fredagskvelden feirar Mediemållaget 150-årsjubileet for A.O. Vinjes blad Dølen. Dette er eit samarbeid med Norsk Pressehistorisk Forening og Vinje kommune. Då vert det mellom anna Storegut-framsyning med Odd og Aasmund Nordstoga og Per Anders Buen Garnås. Journalist Arnhild Skre samtalar med forfattarane Herman Willis, Agnes Ravatn og Nils Rune Langeland. Direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, held føredraget ”Nynorskpressa som kultur- og identitetsskapande faktor 1858-2008”.

- I tillegg har vi eit samarbeid med Norsk Redaktørforening. Vi skal dela ut Nynorsk redaktørpris under haustkonferansen deira og halda eit fagmøte, Nynorsk som mediespråk – språkmeldinga og vegen vidare, i forlenging av konferansen. Der skal statssekretær Wegard Harsvik (KKD) innleia.

Laurdag har Kringkastingsringen seminar om barnefjernsyn. Der set dei søkjelys på korleis kringkasting for barn har utvikla seg dei siste femti åra og drøftar vegen framover. Sundag held Noregs Mållag seminar og debatt om journalistar og nynorsk mediespråk.

- Mediemållaget og samarbeidspartnarane ønskjer alle hjarteleg velkomne, avsluttar leiar Berit Rekve.

For meir informasjon:
Kontaktperson: Berit Rekve, leiar i Mediemållaget
mob. 958 70 611
e-post: mediemaallaget@nynorsk.no
bilete til nedlasting: http://www.nm.no/_filer/beritrekve_foto_kjartanhelleve1.jpg
www.nm.no/lag/mediemallaget


---------------
Hovudpunkta i programmet:
(Heile programmet kan lastast ned her: http://www.nm.no/_filer/program_dei_nynorske_mediedagane.pdf )


Torsdag 9. oktober
Utdeling av Nynorsk redaktørpris 2008
kl. 11.05 under Norsk Redaktørforenings haustkonferanse, Hotel Royal Christiania.

Fredag 10. oktober kl. 14-16, Hotel Royal Christiania
Ope fagmøte: Nynorsk som mediespråk - språkmeldinga og vegen vidare
Statssekretær Wegard Harsvik (KKD) innleier. Samtaleleiar: Ansvarleg redaktør Arne Sigurd Haugen, Nynorsk Pressekontor. I etterkant av Norsk Redaktørforenings haustkonferanse.

Fredag 10. oktober kl. 19, Litteraturhuset
150-årsjubileum for A.O. Vinjes blad Dølen
Desse er med: Arnhild Skre, Herman Willis, Agnes Ravatn, Nils Rune Langeland, Ottar Grepstad, Odd Nordstoga, Aasmund Nordstoga og Per Anders Buen Garnås.

Laurdag 11. oktober kl. 12, Litteraturhuset
Barnefjernsyn - Kringkastingsringens seminar

Korleis har kringkasting for barn utvikla seg dei siste femti åra?
Kalle Fürst, tidlegare programsjef i NRKs barne- og ungdomsavdeling.

Kva lærer barn av å sjå på barnefjernsyn?
Elise Seip Tønnessen, professor i nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder.

Barne- og ungdomsfjernsyn, no og i framtida.
Vibeke Fürst Haugen, programredaktør NRK Super
Marianne Røiseland, informasjonssjef TV2

Sundag 12. oktober kl. 10, Litteraturhuset
Journalistikken og nynorsken - Noregs Mållags seminar
Kan nettavisene vera vegen til å få bort språksensuren i riksmedia?
Ved Jostein Matre (VG), Erik Bolstad (NRK) og Mina Nærland (Dagbladet)

Kvifor kan ikkje alle journalistar skriva nynorsk?
I panelet: Anne Viken, frilansjournalist, Guri Kulås, journalist i Klassekampen, Marianne Granheim Trøyflat , journalist i Universitas og Andreas Hompland, frilansjournalist.
---
Dei nynorske mediedagane er opne for alle. Det er gratis inngang på alle tilskipingane.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no