Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

10 millionar til nynorskinstitusjonar

 (07.10.2008)

Regjeringa løyver nye 10 millionar kroner til fem forskjellige institusjonar og organisasjonar over Kultur- og kyrkjedepartementets del av statsbudsjettet for neste år. Millionane er ein del av det mykje omtalte kulturløftet til statsråd Trond Giske.

– Vi gler oss i Senterpartiet. Dette betyr at regjeringa i denne perioden har løfta nynorsken med 30 millionar kroner, seier stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) til NTB.

155 millionar
Det samla tilskotet til nynorskbrukande organisasjonar og institusjonar er på 155 millionar kroner.
– Dette er viktig fordi det er mellom 600.000 og 700.000 menneske som dagleg brukar nynorsk, samtidig som språkbruken i mange offentlege institusjonar er for dårleg, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).

Teatersjefen jublar
Det er Det Norske Teatret som får mest. Det statlege tilskotet blir auka med 6,4 millionar kroner. Teatersjef Vidar Sandem er jublande glad.
– Ja, dette er jo heilt fantastisk. Det betyr at vi kan byggje ut repertoaret, gi eit betre tilbod til publikum og at vi får eit tryggare økonomisk grunnlag å drive på, seier Sandem.
Det Norske Samlaget får ytterlegare 2 millionar kroner, medan Nynorsk kultursentrum i Ørsta får auka løyvinga si med 1 million kroner.
Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Noregs Mållag får nye 500.000 kroner kvar over statsbudsjettet
– Pengane skal brukast til å styrkje alt frå opplæring i skulane til å halde saksbehandlarkurs i kommunane. Vi er fire statsrådar som brukar nynorsk dagleg, og vi ser alle at det er behov for å styrkje nynorsken i våre departement, seier Kleppa.
I tillegg til henne sjølv er kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV), fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV) og samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) nynorskbrukarar i regjeringa.
– Det handlar om språk, kultur og identitet for dei mange hundre tusen som brukar nynorsk dagleg. Dette er svært viktig for den språklege identiteten deira, seier Erling Sande.

NPK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no