Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Statsbudsjettet er eit nederlag for nynorskelevane

 (07.10.2008)

– Bård Vegar Solhjell kan ikkje ha forstått kor viktig det er med støtte til nynorske læremiddel, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

- Budsjettframlegget garanterer for at nynorskelevar vil stå utan læremiddel i åra som kjem òg. Dette er alvorleg for elevane og pinleg for ein nynorskbrukande kunnskapsminister. I framlegget til statsbudsjett er posten for støtte til parallellutgåveutgjevingar av læremiddel auka med knappe to millionar. Når vi veit at om lag to tredelar av posten går til andre føremål enn parallellutgåver, er det lett å rekne seg fram til at dette er dårleg nytt for dei over hundre tusen elevane med nynorsk som hovudmål, held Kihl fram.

Han peiker på at eit samla nynorskmiljø har peika på dette som det aller viktigaste rettferdskravet for nynorskbrukarane.

– Det hjelper ikkje med ein nynorskpakke på kultursida når dei midlane som ville skapt ei endring i kvardagen for nynorskelevane uteblir. I 35 år har vi slost for at elevar med nynorsk som hovudmål skal få ei like god opplæring som bokmålselevane. Årets budsjett syner at Solhjell ikkje tek dette kravet innover seg, påpeikar NMU-leiaren.

Løyvinga i 2009-budsjettet er føreslått til 42 364 000 kroner, medan ho i 2008-budsjettet var 40 483 000 kroner. I år gjekk om lag 14,5 millionar kroner til parallellutgåver, medan resten gjekk til andre tilskotsordningar administrerte av Utdanningsdirektoratet. Brøken skulle altså tilseie at nynorskelevane sit att med like lite som før når talet er regulert for prisstiging.

– Nynorskelevane må nok ein gong konstatere at språkleg rettferd ikkje står høgt i kurs i Kunnskapsdepartementet. Må det gå endå 35 år før vi får skulebøkene på plass til skulestart?, avsluttar Jens Kihl.

Pressemedling NMU
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no