Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Staten satsar på Ivar Aasen-tunet

 (07.10.2008)

- Vi skal vere til nytte for andre og gjere det lettare å vere nynorskbrukar. Med ei løyving på 10,1 millionar kroner kan vi utvikle endå betre publikumstilbod for både barn, unge og vaksne, seier ein svært nøgd direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum om statsbudsjettet for 2009.

- Vi når alt ut til svært mange. No får vi meir pengar for å nå ut til endå fleire. Då er det berre ein ting som gjeld. Det gjeld å skjerpe seg, seier Grepstad.
Driftstilskotet frå staten har auka med heile 35 % dei tre siste åra. Det gjer Nynorsk kultursentrum til ein av budsjettvinnarane. Nynorskdirektøren ser det som eit uttrykk for at Nynorsk kultursentrum har tillit i breie krinsar. - Vi er glade for at styresmaktene ser det arbeidet vi gjer og at mange meiner det arbeidet er viktig. Pengar er ei tillitserklæring ingen kan misforstå, seier Grepstad.

Mange planar og prosjekt
Kva pengane skal brukast til, avgjer styret når det fastset drifts- og investeringsbudsjettet for 2009 seinare i haust. Nynorsk kultursentrum søkte om auka driftsmidlar for å kome i gang med å planleggje det store Ivar Aasen-jubileet i 2013, utvikle eit norskspråkleg dataspel for barn og lage ny utgåve av det populære Dialektspelet om norske dialektar.
Vonbrotet er at regjeringa ikkje har føreslått ei første løyving til Jon Fosse-arkivet. På grunnlag av eit svært innhaldsrikt forprosjekt søkte Nynorsk kultursentrum saman med Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret om midlar til å byggje opp eit arkiv som dokumenterer den internasjonale utbreiinga av forfattarskapen til Jon Fosse. - Det hastar å kome i gang før verdfull dokumentasjon blir borte, så vi gir oss ikkje, seier Grepstad.
I statsbudsjettet fører regjeringa også vidare løyvinga til publisering av elektronisk kvalitetsinnhald på nynorsk på Internett. Dette prosjektet samarbeider Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum om.
I fjor gjekk alle dei friske midlane i statstilskotet til Dei Nynorske Festspela. Medan mange festivalar no slit tungt økonomisk, er Festspela dermed i ferd med å få eit sikkert økonomisk grunnlag for kunstnarleg satsing og brei publikumsappell.

Politikk for språkleg mangfald
I åra frå 2009 tek Nynorsk kultursentrum mål av seg til å bli ein kulturinstitusjon i dialog med mange land. - Når staten satsar slik på oss, kan vi utvikle verksemda kring Ivar Aasen-tunet som eit permanent bidrag til det kulturelle og språklege mangfaldet i Noreg, seier Grepstad, som trur den norske røynsla med politikk for språkleg mangfald er interessant for mange land.
For fleire år sidan samla eit breitt stortingsfleirtal seg om at nynorsk skriftkultur skal styrkjast systematisk fram til 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013. - Regjeringa Stoltenberg har halde stø språkpolitisk kurs og følgt opp med nødvendige løyvingar. Nynorskinstitusjonar har alltid vore vane med å få mykje ut av lite, men det trengst meir pengar i åra frametter for å nå dei høge måla i språkmeldinga, seier Grepstad.

Pressemelding Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no