Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskelevane utan ekstra løyving

 (07.10.2008)

Regjeringa har ikkje sett av pengar til ei ekstra løyving for å sikre nynorskelevane lærebøker. I statsbudsjettet står post 70 til dette formålet nær uendra.

– Nynorskelevane i vidaregåande skule er den nynorske framtida. Dersom dei skal kunna bli trygge språkbrukarar, må dei få lærebøkene på sitt eige språk – dei møter svært lite nynorsk elles i samfunnet. Utan lærebøker på nynorsk blir dei pressa over til bokmål, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

– Vi har brukt heile hausten til å kartleggje og dokumentere mangelen på nynorske læremiddel i skulen, og Utdanningsdirektoratet har òg dokumentert dette i eigen rapport. Mange lærebøker kjem ikkje ut på nynorsk i det heile, fordi det manglar pengar til støtte. Likevel kjem ikkje ekstraløyvingane som trengst for å løyse mangelen på nynorske lærebøker dette skuleåret – det er rett og slett for dårleg, seier Hege Myklebust. Ho meiner at det vert paradoksalt når kunnskapsdepartementet samtidig set av 372,6 millioner kroner til gratis læremiddel i vidaregåande skule neste år.

Ho ber Stortinget gjere det grepet Kunnskapsministeren ikkje vil gjere.
– Av potten på 42 millionar er det truleg kring 15 millionar som går til utgjeving av parallellutgåver på nynorsk. Dette talet bør doblast av Stortinget, gjerne som øyremerkte midlar til nynorske parallellutgåver.

– Vi ser at Kulturdepartementet løyver ekstra midlar til nynorske tiltak i kultursektoren, og er glade for at vår eigen organisasjon òg får ein halv million auke i løyvinga. Dette er svært bra, men framtida for nynorsken ligg i skulen, slår Hege Myklebust fast.

Pressemelding Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no