Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

All verdas språk

 (07.10.2008)

I oktober legg Rolf Theil og Noregs Mållag ut på ein føredragsturné om språkmangfald i verda, språk i Europa og kva dette betyr for oss. I morgon vert turneen sparka i gang på Stord.

Rolf Theil er professor og medlem i Internasjonalt utval i Noregs Mållag. Han er professor i allmenn og afrikansk lingvistikk og har forska på språk i Asia, Afrika, Europa og Nord-Amerika. Sist fredag var han gjest hjå Anne Grosvoll i programmet Grosvoll. Han har skrive fleire lærebøker og artiklar om ulike språk og i fleire år har han hatt populærvitskaplege språkspalter i Klassekampen og VG.

Saman med Rolf Theil vil Magnus Bernhardsen vere medinnleiaren. Han skal snakke om korleis Noregs Mållag arbeider med internasjonale språkspørsmål, og om erfaringar og nettverk mållaget har med språkaktivistar over heile Europa.

– Noregs Mållag ser striden for nynorsk og dialekt som del av eit globalt arbeid for språkleg mangfald og språklege rettar. Mållaget er difor opptekne av å lære om språk i Europa og korleis folk arbeider både politisk og praktisk for å halde eit språk levande, seier Magnus Bernhardsen, organisasjonskonsulent i Noregs Mållag. Utanriksdepartementet har gjeve støtte til føredragsturné.

Vil de ha kontakt med Rolf Theil eller Magnus Bernhardsen for intervju er det lettast å ta kontakt med Magnus Bernhardsen på telefon
988 81 678.

Heile turneruta for Rolf Theil
Onsdag 8. okt.: Sunnhordland museum på Stord, kl. 19, Stord Mållag
Torsdag 9. okt.: Manger bibliotek, kl. 19, Radøy Mållag
Fredag 10. okt.: Fensalen, kl. 19, Bergen Ervingen Ungdomslag
Tysdag 14. okt.: Sandefjord og Sandar Mållag
Torsdag 16. okt.: Grimstad, Landvik Mållag
Måndag 20. okt.: Høgskulen i Bø, Bø Mållag
Måndag 27. okt.: Fredrikstad – Østfold Mållag
Tysdag 28. okt.: Hallingdal – Hemsedal Mållag
Onsdag 29. okt.: Vang folkebibliotek – Vang Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no