Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk redaktørpris til NTB og NPK

 (09.10.2008)

Nynorsk redaktørpris for 2008 gjekk til sjefredaktør Arne Sigurd Haugen i Nynorsk Pressekontor og sjefredaktør og administrerande direktør Pål Bjerketvedt i Norsk Telegrambyrå.

Leiar i Mediemållaget Berit Rekve, med prisvinnarane Arne Sigurd Haugen (t.v.) og Pål Bjerketvedt. (Foto: K. Helleve)


Dei to fekk prisen for samarbeidsavtalen mellom NPK og NTB og det viktige utviklingsarbeidet i byråa som følgjer av avtalen.
- Samarbeidet er strategisk svært viktig for nynorsk som mediespråk. Det gir styrke og gode vilkår for å oppfylla føremålet om å spreia godt journalistisk stoff på nynorsk, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.

Grunngjeving
Arne Sigurd Haugen og Pål Bjerketvedt får prisen for samarbeidsavtalen mellom NPK og NTB, som tok til å gjelda frå 1.1.2007, og det viktige utviklingsarbeidet i byråa som følgjer av avtalen. Samarbeidet er strategisk svært viktig for nynorsk som mediespråk.

I lag utviklar dei to føresetnadene for å oppretthalda eit godt nasjonalt byråtilbod på nynorsk. For samarbeidspartnarane gir dette styrke og gode vilkår for å oppfylla føremålet om å spreia godt journalistisk stoff på nynorsk.

Nyheiter på nynorsk, gjennom Nynorsk Pressekontor, inngår også i NTBs ambisjon om å levera mest mogleg innhald til flest moglege medium. Det aukar volumet og differensieringa av nyheitsprodukt. Slik går marknadsstrategi og språkleg mangfald hand i hand.

Formål
Føremålet med prisen er å heidra dei redaktørane som gjer ein ekstra innsats for nynorsk som mediespråk. Redaktørane er premissleverandørar for språkpolitikk og språkhaldningar i sine redaksjonar. Mediemållaget ønskjer å framheva dei redaktørane som gir nynorsken gode levekår i journalistikken.

Jury for årets redaktørpris har vore styret for Mediemållaget.

Pressemelding Mediemållaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no