Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Klare til å bruke marknadsmakta

 (15.10.2008)

Møre og Romsdal fylkeskommune er klare til å bruke makt mot forlag som ikkje greier å levere skulebøker på nynorsk og bokmål til same tid og pris.

(Foto: Møre og Romsdal SV)
– Eg er lei meg for at eg vart nøydd til å fremje dette forslaget. Det skulle i grunnen vere unødvendig, i og med at norsk lov skal sikre lærebøker på nynorsk og bokmål til same tid og pris, sa gruppeleiar Jan Magne Dahle frå SV.
I vedtaket står det at "vidaregåande skular i Møre og Romsdal skal berre bruke lærebøker og andre trykte læremiddel i undervisninga som ligg føre på begge målformer til same tid og same pris. Fylket vil handle med forlag og bokhandlarar som kan tilby dette. Utdanningsutvalet og utdanningsavdelinga skal sjå til at vedtaket utan unntak blir følgt opp ved alle vidaregåande skular dei har ansvaret for».
Det originale framlegget vart noko moderert etter ynskje frå Høgre. Berre Arne Hoem og Steve Kalvøy frå Frp røysta i mot.

Les meir:
- Marknadsmakta kan sikre nynorske lærebøker
- Fylkeskommunane må bruke marknadsmakta

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no