Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kjersti Mjør har fått NTB-språkpris

 (17.10.2008)

– Dette er stor stas. Eg trudde det måtte vere eit skjult kamera der då eg fekk beskjeden. Det er overveldande, seier Kjersti Mjør til avisa Journalisten. Mjør er journalist i Bergens Tidende og får prisen for godt mediespråk.

Ho får prisen for si evne til «å kunne formidle fakta og følelsar i heilt korte setningar». Juryen seier det er «eit kjennemerke ved tekstane til vinnaren er at dei blir til i daglegdags terreng. Vinnaren arbeider ofte ikkje på større prosjekt, slike som gir spesielt høve til å finpusse vinklingar og formuleringar. Her er det døgnet og veka som bestemmer. Det blir som regel å starte og avslutte saker innanfor korte fristar.»

Frilansjournalist Lars Aarønæs er juryleiar og resten av juryen er forfatter Helene Uri, spaltist og komiker Shabana Rehman, PR-gründer Hans Geelmuyden og NTB-journalist Anna Nesje.

Les meir om sak i avisa Journalisten.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no