Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Viktig nynorskløyving frå regjeringa

 (23.10.2008)

– Det er eit svært viktig for nynorskelevane at regjeringa no løyver 6 millionar ekstra til nynorske lærebøker i vidaregåande skule. Dette har vi venta lenge på, og pengane vil kome vel med, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag er godt nøgd etter ein felles pressekonferanse der dei tre statsrådane Bård Vegar Solhjell, Heidi Grande Røys og Magnhild Meltveit Kleppa la fram ein tiltakspakke for nynorsk frå kvart av sine tre departement.

– Ekstraløyvinga er eit svært viktig signal til forlaga som produserer lærebøker og fylkeskommunane som er kjøper inn lærebøker til elevane. Regjeringa markerer på denne måten at dei vil at nynorskelevane skal få oppfylt retten til nynorske lærebøker. Tida vil vise om summen er stor nok, men det er i alle fall eit viktig steg i rett retning. No ventar vi at òg forlaga og skuleeigarane gjer ein innsats for å skaffe nynorskelevane lærebøker til rett tid, seier Hege Myklebust.

– Det er òg viktig at Solhjell seier Kunnskapsdepartementet vil driva tett oppfølging av dei rutinane fylkeskommunane har for innkjøp av læremiddel. Dei vil utarbeida ein ”bestillarguide” for å styrkje innkjøpskompetansen. I tillegg må forlaga rapportere om sin produksjon av parallellutgåver. Me har lenge etterlyst slik oppfølging av aktørane i læremiddelsaka, seier Hege Myklebust.

Noregs Mållag er også nøgd med at Kunnskapsdepartementet vil revidere forskrifta til opplæringslova, og dermed presisere det gjeldande kravet om at digitale læremiddel skal produserast på både nynorsk og bokmål.

– Denne endringa må kome så snart som råd, slik at dei læremidla som skal produserast til våren, kjem inn under den reviderte forskrifta, slår Hege Myklebust fast.

– Det er også gledeleg at kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell vil gjeninnføre to eksamensdagar i norsk i ungdomsskulen. Dette vil bli godt motteke hjå både elevar og lærarar, seier Hege Myklebust.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no