Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

-Språkrasisme

 (28.10.2008)

Ottar Rekkedal meiner at Sykehuset Innlandet driv med språkleg rasisme. Han freistar å få aksept for nynorskbruk, men føler at han ikkje blir teken på alvor.

- I to år har eg diktert på nynorsk, konsekvent får eg attende mine notat på eit dårleg bokmål. Formuleringane mine som skulle vere eksakte og spesifikke er vatna ut og knapt å kjenne att. Dette må eg sette min signatur på og godkjenne. Ikkje berre skal eg stå inne for formuleringar som eg ikkje har laga, men eg skal og stå inne for at eg er språkleg evnukk, skriv Rekkedal i eit brev adressert til adm.dir. Bente Mikkelsen i Helse Sør-Øst RFH. Rekkedal har sendt ein kopi til Kyrkje- og Kulturdepartementet.

Til avisa Gudbrandsdølen Dagningen seier Rekkedal han har freista å ta saka opp tidlegare, berre for å bli møtt med hånlatter og melding om å slutte å tulle og heller tilpasse seg.
-Eg trur det er ein minimal interesse for saka innan helseføretaket. Og me som kjem med krav, blir vel oppfatta som litt bakstreverske. Men om nokon vart nekta å bruke hijab ved ein arbeidsplass, så ville det ha vorte eit helvetes spetakkel, seier Rekkedal.

Helse Sør-Øst er i ferd med å gå over til eit elektronisk system som skal erstatte den manuelle transskriberinga. Rekkedal hadde tru på at dette skulle gjere det enklare å få utskriftene på nynorsk, men slik var det ikkje.
-Systemet er utvikla utan at Helse Sør-Øst har stilt krav om nokon modul for nynorsk språk. Då er ein over i ein systematisk nedvurdering av nynorsken, seier Rekkedal til avisa.

Sjukehuset lovar at at Rekkedal snart skal få svar.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no