Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

God skjurtejakt!

 (30.10.2008)

Telemarksverksemda Dialektskjurta.no er på jakt etter fleire gode lokale uttrykk. Dei ti beste skal trykkast opp i eit større opplag og seljast i utvalde sportsbutikkar.

I utgangspunktet baserer verksemda seg på sal via internettsida si. Her kan ein velje mellom utvalde uttrykk frå Bø, Drangedal, Grenland, Hallingdal, Kviteseid og Seljord, Tinn, Vinje og Rauland. Men ein kan òg skrive inn sine eigne dialektuttrykk, noko som gjer sida aktuell for heile landet.

Verksemda sel og ferdigtrykte t-skjorter i åtte ulike sportsbutikkar i Telemark. No etterlyser dei uttrykk frå Valle og Hylestad. Dei ti beste skal seljast i butikkar i Setesdal.

-Dialekten fortel kvar du kjem frå og den sender varme tankar heim når du er vekke, seier Rune Arnesen i Dialektskjurta.no til avisa Setesdølen.

Dialektskjurta.no

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no